Nord-Norge skrik etter fagfolk i helsesektoren.
Nye tal frå Helse Nord viser at over 1000 stillingar står ledige i spesialisthelsetenesta.
Også i kommunane slit dei med å få tak i fastlegar.
Men i Rana kommune i Nordland har dei kanskje knekt koden.
– Når eg er på jobb i dei to vekene, er eg 100 prosent på jobb. Eg har ikkje familien rundt meg, så eg har tida til å berre vere vaktlege, seier Bjarte Skille.
Tromsøværingen er ein av tre legar som er busett i andre delar av landet, men som er tilsett som vaktlege i nordsjøturnus ved legevakta i Mo i Rana i Nordland.
– I dei fire fri-vekene får eg tatt att tid med familien. Det er ein stor fordel, seier han.
Ordninga med legar i nordsjøturnus har vist seg å vere populær blant legar. Heile 20 stykke søkte på dei tre stillingane, som inneber jobb i to veker, og fri i fire veker.
– For første gang på lenge har vi opplevd eit luksusproblem når vi skal tilsetje folk. Det er ei ny oppleving for oss, seier kommuneoverlege i Mo i Rana, Frode Berg.
Dette skal gi ei meir stabil drift ved legevakta, samtidig som ein vil avlaste fastlegane i kommunen.
– Det er heilt fantastisk. Vi får eit godt samarbeid, kontinuitet, pasientsikkert, og vi får dei same legane tilbake. Vi som sjukepleiarar på legevakta får ein heilt annan arbeidskvardag, seier avdelingsleiar ved legevakta, Anita Jacobsen Kirkreit.
– Turnusen fritar fastlegane
NRK har tidlegare skreve om at desperate kommunar som freistar vikarlegar med lønningar på mellom 180.000 og 208.000 norske kroner i månaden.
Også Rana slit med å få tilsett nok fastlegar.
Av 29 stillinga, er ni ledig, og blir i dag dekt av vikarar. Håpet er at mindre belastning for fastlegane skal gjere det meir attraktivt å søkje jobb som fastlege.
– Vi håper at når vi har rekruttert legar som tar ein del av legevaktarbeidet, at fastlegestillingane våre blir meir attraktive, seier kommuneoverlegen.
Kommuneoverlege i Mo i Rana, Frode Berg håpar rekrutteringa av vaktlegar vil gjere det meir attraktivt å søkje jobb som fastlege.
Foto: Frank Nygård / NRKVaktlege Skille trur nordsjøturnusen er ein stor fordel for fastlegane.
– Turnusen fritar dei frå å måtte gå inn i den tunge vaktlegeturnusen, som belastar ein allereie travel fastlegekvardag.
Han har sjølv vore fastlege i mange år, og jobba 55 timar i veka, der legevaktarbeidet kom i tillegg.
– I denne ordninga får du dedikerte legar som ønskjer å gå legevakt og er gode på det. Dei tar vaktbiten slik at fastlegane kan gjere jobben sin, som er å ta seg av pasientane på legelista.
Bjarte Skille har sjølv vore fastlege i mange år.
Foto: Frank Nygård / NRKNordsjøturnusen er komen for å bli
Dei siste åra har vi sett toppleiarar og mellomleiarar som bur andre stadar i landet enn der dei leiar bedrifta si.
– Nordsjøturnusen er komen for å bli, men med nokre atterhald.
Det seier Kjell Arne Røvik, som er professor i statsvitskap ved Universitetet i Tromsø.
Han kallar nordsjøturnusen eit tviegga sverd.
– På den eine sida, bidrar ikkje nordsjøturnusen til ei krone i skattepengar til kommunen. På den andre sida, er det mykje desperasjon i nordnorsk arbeidsliv og ikkje minst i offentleg sektor, spesielt helse. Det handlar om at vi ikkje får tak i folk, seier han og legg til:
– Vi kan vere takksame for at det kjem folk i nordsjøturnus. Utan den, hadde vi ikkje klart oss.
Røvik seier at samspelet mellom arbeidsplassar og busetjing er i ferd med å forsvinne.
– Kva kan vi gjere for at folk busett seg?
– Vi må forsøke å gjere om mellombels busetting til fast busetting.
Ifølge han finst det ein god del grep som kan nyttast:
- Ta godt i mot nykomaren. Lokalsamfunnet må gjere det dei kan for å få vedkommande integrert.
- Bruke økonomiske insentiv og verkemiddel som kan føre til at folk vil busette seg.
- Sørge for at ein eventuell partnar, sambuar eller ektefelle, også får jobb same staden.