Meiner dei har funne årsak til mystisk reindød
Veterinærinstituttet har gjennom sine analysar konkludert med at årsaka til at fleire hundre rein døde og blei sjuke på Herøy i vår, truleg skuldast kobberforgifting.
Det opplyser Nordland politidistrikt i ei pressemelding.
– Vi vil i tida framover fortsette å gjere undersøkingar for å finne kjelda til at reinene døde, men vi vil no spisse etterforskinga inn mot kjelder som kan føre til kobberforureining.
Det seier etterforskar for dyreferdskriminalitet, Stine Marie Brox Gundersen.
– Vi kjenner til fleire kjelder som kan føre til kobberforureining, men mistenker at vi ikkje kjenner til alle.
Difor ber politiet publikum som kjenner Herøy til å ta kontakt, dersom dei har informasjon om kor det kan vere nyttig for politiet å leite etter kjelda til kobberforureining.