Hopp til innhold

Kjersti legg ikkje skjul på kva ho vil ha

Den 10 timar og 37 minutt lange togreisa ned over Nordland og Trøndelag kan bli einsam og dyr. Altfor dyr, meiner MDG. Dei vil no gjere noko med dyre togbillettar.

MDG-politiker Kjersti Myro med plakaten "Vil du ligg med mæ?" for å finne en å dele sovekupé med

MDG-politikar Kjersti Myro med plakaten «Vil du ligg med mæ?» for å finne ein å dele sovekupé med.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

«Vil du ligg med mæ?» står det på skiltet til Kjersti Myro.

Ho er MDG-politikar og andrekandidat til fylkestingsvalet i Vestfold og Telemark. Denne dagen skal ho reise med nattoget frå Bodø til Trondheim, og arrangerer stuntet for å setje fokus på at det manglar sovekupear her i landet.

– Vy har 600 senger fordelt på heile landet. Om du reiser åleine, får du to senger for deg sjølv. Då er det opp til kvar enkelt å finne ein medpassasjer ein kan dele kupeen med.

Seinast i går såg Myro ein post der to jenter var ute etter ein kupé utan at dei fekk, fortel ho.

Sovekupé på nattog

Dagens sovekupé på Vy sine nattog.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Reising er for dyrt i dag

Facebookgruppa Dele kupé på NSB har rett i underkant av 4000 medlem. No vil Miljøpartiet Dei Grøne ha ei endring slik at det vert lettare å dele på reiseutgiftene.

– Vi vil ha fleire sovekupear. Og vi vil at de skal vere billigare. En moglegheit med tilbodet slik det er i dag er om man for eksempel kunne krysse av for at man var villig til å sove med ein annan person. En annan moglegheit er å kjøpe inn vogner som har plass til fleire.

Ho trekkjer fram sovekapslar, av typen ein har på nokre moderne hotell i Japan.

Kapselhotell i Osaka, Japan

Myro foreslår mindre sovekupear og peiker mot kapselhotell som dette i Osaka, Japan.

Foto: Chris 73 / Wikimedia Commons / CC BY-SA 3.0

– Komforten er kanskje ikkje den same, men som vil gjere det mykje billigare for folk. For eksempel kan vi ha sovekapslar av den typen ein har på hotell i Japan, seier Myro.

Sjølv skal ho reise med Nordlandsbanen frå Bodø til Trondheim. Og ho har funne nokon som vil ligge med ho.

– Det er ein og annan som har lukta på skiltet, og eg har funne ei jente som eg skal dele kupé med frå Mørkved til Trondheim. Eg trur at dei som er villige til å dele kupé stort sett er hyggelege og opne menneske.

Forstår klagene

Pressesjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby, forstår frustrasjonen.

– Vy kan forstå at det er frustrerande å oppleve at det er utseld for sovekupear når ein skal ut å reise med nattog. Det mest miljøvenlege er likevel å reise i sittevogn, men vi forstår sjølvsagt at dette ikkje alltid gjev optimal kvile.

Ein ordinær billett med nattoget mellom Bodø og Trondheim kostar i overkant av 1.100 kroner. Om ein vil ha sovekupé kostar det 950 kroner ekstra. Til samanlikning kan ein fly same strekninga til under 900 kroner om ein planlegg reisa.

– Kvifor er desse sovekupeane so dyre?

– Prisen reflekterer at det er ein svært dyr produksjon for Vy. Sovevognene vert berre brukt éin gong i døgnet, medan sittevognene vert brukt dobbelt so mykje på Nordlandsbana, seier Lundeby.

Åge-Christoffer Lundeby, pressesjef NSB

Lundeby fortel at både plass, talet bruk i døgnet og reingjering gjer sovekupear dyre å halde i drift.

Foto: Astri Husø / NRK