Hopp til innhold

MDG vil strupe norsk kjøtproduksjon, men ikkje her

Medan Miljøpartiet dei Grøne (MDG) vil halvere kjøtproduksjonen nasjonalt, vil MDG i Nordland auke kjøtproduksjonen i Nord-Noreg.

En person stryker på mulen til kalver som beiter på Engeløya i Steigen.

MEIR MØ OG BÆ I NORD: : Miljøpartiet dei Grøne vil ha fleire kyr i Nordland. Her frå Steigen.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Torsdag sa programkomitéen ved MDG at dei vil halvere kjøtforbruket i Noreg innan 2025. Forslaget vil dei leggje fram på landsmøtet denne helga.

Samtidig vil MDG Nordland auke kjøtproduksjonen i Nord-Norge.

– Nordland er eit grasfylke. Det er mykje grovfôr og gras her, seier Thomas Johansen, leiar i MDG Nordland og stortingskandidat.

Oppdatering:

På landsmøtet vart halvering av kjøttforbruket innan 2025 nedstemt, men det vart vedteke å ha det som eit langsiktig mål.

Auke i sør

Lokallagsleiaren fortel at Noreg sidan etterkrigstida har hatt ein politikk. Denne politikken var meint for å byggje opp kornlager og produsere korn og grønsaker der det faktisk var mogleg.

Thomas Johansen, Stortingskandidat, Miljøpartiet De Grønne

Thomas Johansen frå Kjøpsvik er stortingskandidat for MDG i Nordland.

Likevel har auken i kjøtproduksjon kome i Oppland, Sør-Noreg og Rogaland, og ikkje i Nordland.

Sjølv om dei kan produsere korn i sør vel fleire å produsere gras, ifølgje Johansen.

– Det er faktisk slik at bønder sørpå vel å produsere gras, trass i at dei får null kroner i stønad for å produsere det. Det er fordi dei har gått over til kjøttproduksjon, seier Johansen.

Han meiner resultatet er at nordnorske bønder legg ned fordi dei ikkje kan auke drifta i den grad dei er nøydde til.

– Sør-Noreg bør leggje om

MDG vil auke sjølvforsyningsgraden til i Noreg frå 36 prosent til 60 prosent innan 2030. Det ønskjer dei å gjere gjennom å fase ut import av kraftfôr, og tilpasse kjøtproduksjonen til det lokale ressursgrunnlaget.

– Meiner de at sørnorske bønder skal leggje om drifta for at nordnorske bønder skal kunne auke kjøtproduksjonen?

Utsikt utover Botn i Rissa, Indre Fosen

Sidan etterkrigstida har hatt ein politikk som var meint for å byggje opp kornlager og produsere korn og grønsaker der det faktisk var mogleg.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk

Bøndene sjølv kan ikkje seie at dei ønsker at bøndene sørpå skal leggje om drifta, men det kan eg som politikar seie. Eg ønskjer at vi skal produsere kjøt der det er best forhold for å produsere det.

Landbrukspolitisk talsperson Harald Moskvil i MDG avviser at det er eit paradoks at MDG både vil redusere kjøtforbruket i Noreg, og samstundes auke kjøtproduksjonen i Nord-Norge.

– For bønder i Sør-Noreg vil det seie at dei må redusere kjøtproduksjonen. Det kan dei gjere med måten dei produserer på, til dømes med å redusere kraftfôrandelen. Dei må også redusere arealbruken så vi frigjer areal til korn, grønsaker og andre matvekstar, seier Moskvil.

– Ikkje riktig å flytte drift

Nestleiar Bjørn Gimming i Noregs Bondelag er samd med MDG Nordland i at dei må gjere det meir lønsamt å produsere kjøt i Nord-Noreg.

Men trur ikkje at bønder i Sør-Noreg skal leggje om drifta.

Bjørn Gimming

Nestleiar Bjørn Gimming i Noregs Bondelag trur ikkje at bønder i Sør-Noreg skal leggje om drifta.

Foto: Arly DaleNorway

– Vi meiner ikkje at det er riktig å flytte beitedyr frå Sør-Noreg til Nord-Noreg. Det vi må sørgje for er at norske forbrukarar et meir kjøt frå norske beitedyr, seier han.

Gimming poengterer at beitedyra er viktig for kulturmangfald og biomangfald i Sør-Noreg også. Han seier at det er liten endring i mengda dyr i det sentrale Austlandet, men at det er riktig at det er ein nedgang i kjøtproduksjon i nord.

Må sette inn støtet

– Det er enkelte regionar som opplever eit større press enn andre. Til dømes i Nord-Norge opplever dei eit press på å få lønsemd i å bruke areala. Det er der vi må sette inn støtet.

Han meiner det er mogleg å kutte utslepp frå norsk matproduksjon gjennom å gjere forbetringer og ikkje gjennom ein reduksjon i av norsk matproduksjon.

– Det er ikkje noko misforhold mellom å produsere kjøt og det å ha låge klimagassutslepp. Vi må klare begge delar. Både å produsere kjøt på norske ressursar og å løyse klimakrisa.

– Grasareala ligg spreidt over heile landet. Dei er ikkje berre i nord. Vi har store beiteområde i Sør-Noreg også, som det er viktig å få nytta til matproduksjon. Då er beitedyra heilt sentrale.