Mata studentar med laksefôr for å knuse mytar

Det finst mange måtar å få folk til å kjøpe fisk på. No har Norges Sjømatråd prøvd noko litt annleis for å imponere amerikanarane.

Mat laga av laksefôr

SPESIELL SERVERING: Ikkje mange kan sei dei har ete mat eigentleg produsert for oppdrettsfisk, men tydelegvis er det ikkje so gale som ein kanskje kan tru. Fiskefôret består av om lag 30 prosent fiskemjøl og fiskeolje, medan resten er vegetabilske ingrediensar.

Foto: Melanie Prior / Norsk Sjømatråd

– Det har jo ein litt stram fiskesmak, men som enkelte sa hadde dette fungert fint som snacks å ta ein øl til.

Det seier Egil Ove Sundheim hjå Norges Sjømatråd, ein av dei som fann det for godt å hoppe over mellommannen laksen og berre gomle i seg fôret sjølv. I alle fall ein liten smak.

Dette var ein del av fiskerinæringa sitt forsøk på å selje norsk fisk i utlandet – ei næring som hadde rekordhøg eksport på 99 milliardar kroner i fjor. 68 prosent av denne eksporten var nettopp laks. USA er blant dei viktigaste marknadane for fisk.

Fisk

SENTRAL NÆRING: Eksport av fisk er ei viktig næring for Noreg. No håpar Norsk Sjømatråd på å kapre ein del av laksemarknaden i USA gjennom å informere om norske oppdrettsforhold.

Foto: Petter Strøm / NRK

Fiskefôr for kresne ganar

Det heile skjedde på University of Massachusetts i Amherst i USA. Skulen har fleire år blitt kåra som det beste universitetet i landet då det kjem til matservering til studentane.

– Vi hengde oss på ein kokkekonkurranse ved universitetet der dei samla 350 fagpersonar frå ulike universitet for å sjå kva trendar som påverkar deira verd i dag, seier Sundheim.

Dei serverte laksefôr i form av proteinbarar. med mellom anna nøtter i. Etterpå fekk dei frammøtte smake på det reine fôret, noko dei fleste valde å gjere. Smaken var noko stram av fisk, fortel Sundheim.

Egil Ove Sundheim vert intervjua

SPENT: Egil Ove Sundheim hjå Norges Sjømatråd vart intervjua på matmessa av konferansieren. – Universitetsstudentane spør etter mykje meir kunnskap kring kvar produkta dei kjøper kjem frå, seier Sundheim.

Foto: Melanie Prior / Norges Sjømatråd

– Men det viktigaste for oss var ikkje smaken, men å vise at ingen har noko å skjule om kva som er i fôret. Det er reine råvarer ein om so er kan ete sjølv. Det her har med openheit å gjere.

Ein spesiell marknad

– Når eg tek med meg grupper til Noreg plar vi smake på laksefôret. Dei fleste er litt skeptiske til det, men når dei ser at dette er reine vegetabilske råvarer ein faktisk kan ete, får ein auga opp for at dette vert eit sluttprodukt ein kan ha tillit til, seier Sundheim.

Og nett dette med tillit til maten står i sentrum for amerikanske studentar. Sundheim meiner ungdom i dag meir enn tidlegare er opptekne av kvar råvarene kjem frå og kven som har produsert dei. Då kjem det vesle fiskefôrstuntet inn som eit godt døme på openheit og tillit, meiner Sundheim.

Kevin Grant smakar på norsk laksefôr

VIL VITE MEIR OM MATEN: Kevin Grant frå Cornwell Universitet i USA smakar på proteinbarane laga av norsk laksefôr. Sjømatrådet meiner at slike stunt kan bidra til å auke tilliten til norsk fisk.

Foto: Melanie Prior / Norges Sjømatråd

– Vi trur at dette kjem til å bli utruleg viktig i åra som kjem, fordi denne generasjonen brukar tilgang på informasjon på ein heilt annan måte enn tidlegare.

Noreg har omtrent 15 prosent av marknaden for atlantisk laks i USA. Difor er arbeidet med å gjere folk kjend med norsk sjømat viktig, meiner Sundheim.

– Om ikkje altfor lenge utgjer studentgenerasjonen ein fjerdedel av den amerikanske kjøpekrafta. Difor er desse den viktigaste forbrukargenerasjonen vi må nå fram til i åra som kjem, seier Sundheim.

Fisk

VIL HA STØRRE DEL AV KAKA: Noreg har ein sjanse til å ta ein større del av laksemarknaden i USA, meiner Sundheim. Han ynskjer å fylle diskane ved amerikanske universitet med norsk oppdrettsfisk.

Foto: Petter Strøm / NRK

Vil ta livet av mytar

Sundberg fortel om at det i den amerikanske marknaden florerer det han kallar mytar om mellom anna sjømat og oppdrettsnæringa.

Eit døme han trekk fram er tanken om at oppdrettslaks er full av antibiotika. I dag vert det nesten ikkje brukt antibiotika i det heile i norsk oppdrettsnæring.

– Vi må ta livet av mytane om kva som er i fôret, om at her er det mykje som ikkje toler dagslys. Det finst ikkje nokon betre måte å gjere det på enn å ta fram fôret, smake på det og snakke om kva som er i det, seier Sundberg.

– Veldig mange trur endå at oppdrett av laks skjer i ein bakgard der ein fôrer med avfallsprodukt frå landbruket og fisken lev i grunne, gjørmete betongdammar. Berre det å vise eit bilete av korleis eit oppdrettsanlegg ser ut i Noreg, gjev eit heilt anna inntrykk.

– Når alt kjemt il alt; Noreg kling godt, også blant dei unge. Noreg vert oppfatta som ein nasjon med sunne folk og sunne haldningar.

Myndighetene ønsker at oppdrettsnæringen skal femdobles innen 2050. Hvordan er det å forske på det mange håper skal erstatte oljeindustrien som Norges viktigste eksportnæring?

Myndigheitene ynskjer at oppdrettsnæringa skal femdoblast innan 2050. Korleis er det å forske på det mange håpar skal erstatte oljeindustrien som Noregs viktigaste eksportnæring?