Hopp til innhold

Alle pratar om mangoøl, men ekspertane trur gamalt norsk urøl kan ta over

Øl med smak av all slags frukt sel som aldri før. Men øltrendar er ikkje eit nytt fenomen. Ekspertane trur noko heilt anna blir det nye.

Mangoøl

– Eg skyl det kommersielle mangoølet ned i dass. Den kan ikkje måle seg med ølet frå småbryggeria, seier Stian Kristiansen.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

IPA var øl for britar i India i kolonitida.

I 2019 lanserte Hansa for første gong sin versjon med mango.

Den tok Noreg med storm, og fleire bryggeri har hive seg på.

– Skyl ned i dass

Bryggeriforeningen bekreftar at fruktøl absolutt er ein trend.

Og Norgesgruppen har dobla tal på øltypar med fruktsmak sidan i fjor.

Fruktøl aukar meir i sal enn noko anna øl i butikk, fortel Norgesgruppen til NRK.

Men mangoølet står ikkje like høgt i kurs hos alle.

Gulatingsjef snakker om mango IPA og hva han tror blir neste trend.

Gulatingsjef snakkar om mango IPA og kva han trur blir neste trend.

– Eg skyl det kommersielle mangoølet ned i dass. Den kan ikkje måle seg med ølet frå småbryggeria.

I ein av Bodøs mange ølbuler står byens kanskje største «ølsnobb».

Stian Kristiansen er butikksjef for ølutsalet Gulating i Bodø. Han er ein hund etter øl av godt handverk.

– Småbryggeria lagar øl med sjel og ekte råvare. Det gjer ikkje dei store kommersielle aktørane.

Mangoøl

Stian Kristiansen hadde vore kokk i 17 år då ein kompis som var flisleggar spurte om dei skulle starte butikk saman. Det var då den store interessa for øl tok heilt av for både kokken og flisleggaren.

Foto: Sofie Rettersøl Olaisen / NRK

Mykje av den industrielle mangoølet har nemleg ikkje mango i seg ein gong, fortel ølelskaren.

– Skal du bruke ekte mango og mykje humle blir det kostbart. Det har ikkje dei kommersielle råd til. Då smakar det verken mango eller IPA, seier Kristiansen.

Frå samfunnets vogge

Det er eigentleg ingen som veit når menneske begynte å brygge øl.

Men sannsynlegvis må vi skru tida langt tilbake.

Veldig langt.

Heilt til vogga til det moderne samfunnet.

– Mellom elvane Eufrat og Tigris, der jordbruksrevolusjonen starta for 10.000 år sidan, la sumeerne ugjæra brød i vatn. Det slurpa dei i seg. Sannsynlegvis var det, det første ølet.

Det seier ølekspert og forfattar Gustav Jørgensen. Han har skrive fleire bøker om temaet.

– No er det fleire øltrendar enn nokosinne, men trendar i øl er på ingen måte noko nytt, seier han.

Gustav Jørgensen

Gustav Jørgensen er forfattar og ekspert på øl.

Foto: Dag Grundseth / Privat

Ølmoter har alltid gått i bølger.

Hveteøl var til dømes eit øl for gamle damer i Tyskland på 1950-talet, så vart det plutseleg ein trend for dei unge.

NRK forklarer

Kva er eigentleg IPA?

Kva er eigentleg IPA?

IPA var historisk sett eit reiseøl...

... Det var øl for britane som budde i India under kolonitida (1700-1947). Engelskmennene ville drikke Pale Ale sjølv om dei budde langt heimefrå. Men for å frakte ølet heile den lange sjøveien mellom kontinenta, måtte det vere eit sterkare øl med meir humle. Både humle og alkohol konserverer ølet. Då tek det lenger tid før det vert gamalt.

Kva er eigentleg IPA?

Men var det då IPA vart kjent?

Nei, det var ikkje før mykje seinare. Den moderne IPA-en vi kjenner i dag er eit resultat av amerikanske heimebryggere på 80-talet. Buisnessmannen Jimi Carter var president i USA mellom 1977 og 1981. Han opna for å bryggje øl heime, for sal. Heimebryggarane prøvde oppskrifter som dei store bryggeria aldri hadde turt å prøve. Dei fann tilbake til den gamle IPA-oppskrifta. Difor blomstra IPA-trenden opp igjen på 80-talet.

Kva er eigentleg IPA?

Men kva er då NEIPA?

NEIPA er ein IPA-trend som no er på veg inn igjen. Det er ein tørrbrygga IPA. I staden for å ha humla i under heile bryggeprosessen, vert ho dyppa i brygget, omlag som ein gjer med te. Det gjer at ølet vert friskt, men ikkje like bittert som ein vanleg IPA. Ølekspert Gustav Jørgensen meiner prisen på humle og råvarar kjem til å verke inn på kva øl som vert populært i framtida. Rett og slett på grunn av kor dyrt det er for bryggeria å lage ølet. 

– Snart høyrer kanskje mangoølet til på gamleheimen saman med rocken, seier Jørgensen.

– Øl for folk som ikkje liker øl

I Bodø er Kristian godt i gong med sin hovudhobby – nemleg å bryggje øl.

Ølbrygg

Stian Kristiansen held på med øl heile tida – også på fritida.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– IPA vert fruktig på grunn av humla som er i. Det er difor han passar saman med fruktsmakar, seier butikkeigaren.

Kvifor mango er trenden no, meiner Kristiansen er Hansa sin forteneste.

Mikrobryggeria såg korleis ølet slo an, og både dei og dei andre store bryggeria laga sin versjon – med både mango og andre fruktsmakar.

No er det meir enn 25 slag mangoøl i butikken.

I fjor spurte annankvar kunde om han hadde det populære ølet frå Hansa i butikken.

Men han kvidde seg for å ta det inn.

– Det er øl for dei som eigentleg ikkje liker øl. Det smaker ikkje øl, seier Kristiansen.

Urnorskt øl

I år er det mangeølet alle ville ha tak i.

Men kva blir det neste?

– Frukt passar godt til sommaren, men allereie til hausten trur eg vi er lei av mangoen, seier ølekspert Jørgensen.

Den største snakkisen i det globale ølnerderiet kjem frå ein annan stad.

Langt frå både engelsk, amerikansk og tysk øltradisjon kjem ein urgamal oppskrift frå dei små, norske gardane.

Ein tradisjon som på eit vis liknar surdeig.

Den nye øltrenden kan nemleg verte kveik.

Ølgjær til kveik vert tørka på ein gjærkrans. Ølbryggaren dypper kransen i ølet, tørkar han og kan deretter dyppe kransen ned i neste brygg.

Ølgjær til kveik vert tørka på ein gjærkrans. Ølbryggaren dypper kransen i ølet, tørkar han og kan deretter dyppe kransen ned i neste brygg.

Foto: Lars Marius Garshol

– Kvar gard hadde sin gjær dei brukte i øllaginga. Etterpå hang dei gjæren opp til tørk. Der hang han til neste gong dei skulle lage øl, seier Jørgensen.

På den måten overlevde gjærstammen frå generasjon til generasjon.

Det gjorde at ølet smakte forskjellig på kvar gard – fordi gjæren smakte forskjellig.

Og det er nettopp det som gjer at ølprodusentar rundt om i verda synest tradisjonen er så spennande.

Ølbrygg

I Bodø sirkulerer ølbryggar og butikkeigar Stian Kristiansen ølet for hand. Det må til for å få den rette smaken, meiner han.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Dei prøver til og med å bruke generasjonsgjæren i IPA.

– Om dei får til det, kan det verte ein skikkeleg trend, seier øleksperten.

Men øltrendar er uføreseielege, og både NEIPA, røykøl, surøl og mjød knivar om plassen som det nye store.

Drøymer om vanleg pils

Tilbake i ølbula i Bodø sirkulerer Kristiansen ølbrygget manuelt.

Ølet vert best slik – utan mekaniske pumpar, meiner han.

Mango

Butikksjef Stian Kristiansen er lei fruktøl. No vil han ha øl som smakar øl.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Trur du vi skal igjennom heile fruktsalaten i ølsmakar?

– Nokon aktørar har øl med dei fleste fruktsmakar. Men eg trur kanskje vi går tilbake til ordinær pils etter kvart, seier ølelskaren medan han kikkar ned i ølet han bryggar.

Han er lei fruktøl.

No skal han ha lys sommarpils.