23 smitta av korona – nå stenger kommunen ned

148 er i karantene som følge av smitteutbrotet i Brønnøy. Ordføraren beskriv ein vanskeleg situasjon, og vil stenge ned i minst ein veke.

Brønnøysund
Foto: Gerd Aarsund

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Leiinga i Brønnøy kommune i Nordland, har måndag hatt ekstraordinært møte.

23 positive prøvesvar på hurtigtestar gjer at dei stenger kommunen frå midnatt.

Detaljane i nedstengingane er så langt at skole og barnehagar stenger ut veka.

Kommunen tek i bruk paragraf 5 i smittevernloven, som seier at alt vert sengt ned, forutan matbutikkar og apotek.

Ordførar i kommunen, Eilif Trælnes, seier ein nedstenging er heilt naudsamt.

– Det er fordi vi ikkje har noka oversikt over situasjonen. Vi må stenge ned skolar og barnehagar ut veka, minst.

To gonger på kort tid

Ordføraren seier at dei ventar på ein del prøvesvar enda. Så langt er det 23 positive tilfelle i kommunen, men talet kan stige.

– Vi ventar på ein del prøver enno. Eg håper ikkje det er fleire, men berre i dag er det 23 positive hurtigtestar som er tatt.

Det er også eitt positivt tilfelle i Vega, som er nabokommunen til Brønnøy.

Dette er andre gong på kort tid at innbyggjarane i Brønnøy må finne seg i ei nedstenging. I mars opplevde kommunen nok et utbrot, og ordføraren satsar på at det same no.

– Vi bruker same medisinen denne gangen. Vi stengde ned 11. mars og det gjekk bra, så da satsar vi på at vi klarer det nå også, seier Trælnes.

Avstand i samsvar med retningslinjer

Smitten i Brønnøy starta på søndag, da ein arbeider fekk påvist smitte.

Den smitta mannen kjem ifølge Brønnøysund Avis frå Steinkjer, men kommuneoverlege Even Thorkildsen kan ikkje bekrefte at smitten kjem derfrå.

Ordførar Eilif Kristian Trælnes (Sp) bekreftar til NRK tidlegare på måndag, at mannen hadde 40 nærkontaktar.

Arbeideren som vart smitta, jobba i Veidekke i Brønnøysund.

Halvor Gunsteinsen, prosjektleiar i Veidekke Noreg, seier at han ikkje kan kommentere talet på nærkontaktar fordi situasjonen førebels er uoversiktleg.

– På noverande tidspunkt har eg ikkje noko å kommentere på nærkontaktar. Det er kommunen med kommuneoverlegen i spissen som står for smittesporinga.

– Korleis er reglementet for smittevern på arbeidsplassen?

– Vi følger retningslinjene til Byggenæringas Landsforbund og deira rettleiar. Vi følger òg Veidekket sine interne retningslinjer.

– Kva går dei ut på?

– Det går på avstandskrav og er i samsvar med interne rettingslinjer og det same som FHI anbefaler i for heile byggebransjen som er i raud sone.

I tillegg til at dei tilsette skal halde to meters avstand set retningslinjene til Byggenæringas Landsforbund krav til bruk av munnbind når det er vanskeleg å halde avstand. Arbeidsplassen skal òg vurdere ulik arbeidstid og spisepauser for å minke talet på tilsette på same plass.

Arbeidslag skal verte organisert i kohortar.

Stor arbeidsplass

Ordføraren hadde håpa å kunne opne meir opp når kommunen kjem med nye nasjonale reglar på onsdag.

Brønnøy barnehage ordfører Eilif Trælnes

SLITSAMT: Ordførar Eilif Kristian Trælnes (Sp) seier dagen har vore slitsam for både innbyggjarar og kommuneleiing.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

– Det kom som lyn frå klar himmel. Det var nesten tilfeldig at han hadde testa seg då han reiste heim.

Ordføraren fortel at dagen har vore slitsam for både innbyggjarane og leiinga i kommunen.

– Dei arbeider no for fullt med smittesporing, så vi får håpe at det går bra og at vi slepper å stenge ned så mange dagar i iallfall.

– Er smittevernet ivaretake på denne arbeidsplassen slik som du ser det?

– Det er vanskeleg å seie kvar det kjem frå. Det skal jo vere ivaretake. Det er dei nasjonale reglane vi har gått etter.

– Men dei nasjonale regelverka tillèt vel ikkje 40 nærkontaktar?

– Det var på ein stor arbeidsplass så det var kanskje naturleg.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 16.05.2021
2 484
Smittede siste 7 dager
107
Innlagte
774
Døde
1 556 905
Vaksinerte