Hopp til innhold

Målpris til Gisle Forland

Gisle Forland (27) frå Mosjøen har i dag fått målpris frå Salten Mållag, for trygg og god dialektbruk i etermedia.

Gisle Forland får målpris fra Salten mållag.

Her får Gisle Forland målpris frå Salten Mållag.

Foto: Susanne Lysvold / NRK

- Dette er ein nyopperetta målpris for bruk av dialekt og nynorsk i media, seier leiar i Salten Mållag Ludvig Kvandal.

Salten Mållag har hatt Gisle Forland under lupa i eitt heilt år.

- Me snakka om det allereie i fjor, seier styremedlem Kjellrun Trohaug.

Inspirasjon

Gisle Forland seier dette er ein pris som inspirerer til vidare arbeid.

- Det har ikkje berre vore enkelt å bruke dialekta i radio og på tv, men ein slik pris inspirerer meg til å halde fram, seier Forland.

Truverdig og ekte

Leiar i Salten Mållag Ludvig Kvandal seier at måten han nyttar språket på gjev nyheitene meir truverde.

- Me har registrert han som sjelden trygg i dialektbruken som nordlending. Det er flott å høyre korleis han brukar helgelandsdialekta, seier Kvandal.

Gisle Forland får målpris av Salten mållag

Styremedlem i Salten Mållag Kjellrunn Trohaug(f.v), leiar i Salten Mållag Ludvig Kvandal, prismottakar Gisle Forland og styremedlem Kåre Fuglseth.

Foto: Susanne Lysvold / NRK

I tillegg peikar dei på at han har ei god og behageleg stemme.

- Det er godt og behageleg å høyre på han, seier Kjellrunn Trohaug.