Hopp til innhold

Madrugada på topp i Ønskekonserten

"Lift me" med Madrugada og Ane Brun, er den mest spelte songen i Ønskekonserten.

Sivert Høyem og Ane Brun hadde stor suksess med duetten "Lift me" i 2005.
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

”Lift me” med Madrugada og Ane Brun var mest spelte song på Ønskekonserten i NRK P1 i 2006, medan Sissel Kyrkjebø var klart mest spelte artist.

Halvparten norsk

Ved siden av ”Lift me” var ”You raise me up”, ”Floden”, ”Gabrielles sång”, ”Hallelujah”, ”Mitt hjerte er ditt” og ”Sommer og skolefri” andre gjengangarar i Ønskekonserten i fjor. Heile 528 ønskeplater vart det plass til og over halvparten av alle platene som vart spelte var norske.

Halvdan Sivertsen populær

Sissel Kyrkjebø ligg suverent på topp og vart spelt 11 gongar i Ønskekonserten i 2006. Erik Bye, Malin, Vamp, Madrugada, Odd Nordstoga, Halvdan Sivertsen og Kai Robert har og vore å høyre fleire gongar i Ønskekonserten i fjor.

Beste velgåande

Søndag 28. januar er det 57 år sidan den fyrste Ønskekonserten gjekk på lufta og programposten har stadig ein stor og trufast lytterskare.

- Ønskekonserten lever i beste velgåande, seier programleiar Helge Raftevold.

– Kvar einaste veke får vi ein stor bunke med brev frå folk som ønsker å hylle ein ven eller eit familiemedlem med ei platehelsing i radioen. Så den tradisjonen er det mange som tek del i å føre vidare, seier Raftevold.