Hopp til innhold

Madeleine vil jobbe, men får ikkje lærlingplass

Ein tredjedel av all ungdom i Nordland som vil ha lærlingplass får det ikkje, og det er ikkje motivasjon eller arbeidsmoral som står i vegen.

Madeleine Kristin Åeng Thomasse

DRAUMEJOBBEN: Madeleine har funne draumejobben, men kommunen har for få lærlingplassar til at ho får fullføre utdanninga si.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

– Det er skikkeleg kjipt. Eg vil jo verkeleg arbeide.

Madeleine Kristin Åeng Thomassen (19) fyller oppvaskmaskina på Selfors sjukeheim i Mo i Rana. Ho er nett ferdig med vidaregåande, og skulle eigentleg byrje som lærling til hausten. Men når sommaren er over, er jobben hennar det same. Ho fekk nemleg ikkje lærlingplass.

– Eg trivast utruleg godt i jobben. Det er dette eg vil drive med. Eg vil ikkje gjere noko anna, seier 19-åringen frå Rana.

Madeleine sit saman med dei eldre

EIN VIKTIG JOBB: Ein del av arbeidsdagen til Madeleine er å halde dei eldre med selskap. Her spelar dei ein klassikar: Yatzee.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Stort behov

– Behovet for læreplassar er stort. Om lag 1.500 elevar har søkt om plass, men det er på langt nær so mange ledige, seier fylkesråd for utdanning i Nordland Hild Marit Olsen (Ap).

Per 4. juli står 558 ungdom, ein av dei Madeleine, på venteliste. Alle vil ha lærlingplass og fullføre utdanninga si, slik at dei kan kome seg i arbeidslivet for fullt.

– Vi har eit stort behov for fagarbeidarar i Nordland, og ungdomen står i kø for å få lov til å jobbe. Vi må få fleire lærlingplassar slik at ungdomen får den kompetansen dei treng, og bedriftene får den arbeidskrafta dei treng, seier Olsen.

– Kommunane treng arbeidskrafta samstundes som ungdomen treng å få fullført utdanninga si, seier Olsen.

Hild-Marit Olsen, fylkesråd for kultur og miljø i Nordland

SAMSVARAR IKKJE: At det samstundes er mangel på arbeidskraft og mangel på lærlingplassar i Nordland ser Hild-Marit Olsen på som paradoksalt.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Tek tak i problemet

Ein av kommunane som har fått refs for sitt arbeid med lærlingar er Rana kommune. Berre 26 elevar har dei siste åra fått fullføre utdanninga si gjennom å gå ut i lære. Dette planlegg ordførar Geir Waage (Ap) å gjere noko med.

– I løpet av den neste fireårsperioden skal vi prøve å doble talet på lærlingar. Vi held på med å utvikle ein plan som snart skal inn i budsjettet, seier Waage.

Ranaordførar Geir Waage (Ap)

PRØVAR Å RETTE OPP: Rana kommune har fått kritikk for å berre ha 1 lærlingplass per 1000 innbyggjarar. Ordføraren vil doble dette talet innan dei neste fire åra.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Har få alternativ

– Eg trudde eg kom til å få lærlingplass. Eg hadde gode karakterar og bestod alle faga, seier Thomassen.

– Men kva gjer du når sommaren er over då, og jobben er ferdig?

– Eg veit eigentleg ikkje kva som skjer. Eg står no på ei venteliste, so får vi sjå, seier ho.

Men saman med ho på lista står over 500 andre. Og einaste måten nokon frå den lista får jobb, er om andre anten seier nei til arbeid eller droppar ut.

Eit alternativ er å jobbe 8.000 timar som ufaglærd, for so å gå opp til eksamen som privatist. Men då må Madeleine vente til ho er 25 år.

– Om eg ikkje får lærlingplass er det det eg må gjere, for eg vil jobbe, seier 19-åringen.

Madeleine Kristin Åeng Thomassen

SO NÆRE, MEN SO LANGT VEKKE: Madeleine har sommarjobb på sjukeheimen og jobbar helgar innimellom, men for å fullføre utdanninga si må ho ha full lærlingstilling.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK