Hopp til innhold

Seier nei til å ta imot 15 flyktningar: – Flautt å vere innbyggar her

Sju kommunar i Noreg har sagt nei til å ta imot ukrainske flyktningar. I den rike oppdrettskommunen Lurøy er innbyggarane skuffa. – Ei plikt som medmenneske å stille opp.

Kveldsol over Lovund

SEIER NEI: Fleire innbyggarar i Lurøy er ikkje samde med kommunen om at dei ikkje skal ta imot flyktningar frå Ukraina.

Foto: Hermann Aasnes Mindrum

Lurøy kommune i Nordland er blant landets rikaste.

Kommunen med under 2000 innbyggjarar har ein samla skatteinngang på nesten ein halv milliard.

Dei tronar øvst på lista til Økonomibarometeret over kor mykje kommunane skattar.

Men no ligg dei også på ei heilt anna liste.

I går blei det klart at Lurøy kommune er på lista over kommunar som ikkje vil ta imot ukrainske flyktningar.

Ikkje alle innbyggarar i kommunen er samde i den avgjerda.

Ellen Haga Larsen i Lurøy

Ellen Haga Larsen i Lurøy skulle ønske kommunen sjekka med folk før dei bestemte seg for å ikkje ta imot nokon.

– Når det er så stor krise som det er no i Ukraina, er det ei plikt som medmenneske å stille opp.

Det seier lurøyfjæring Ellen Haga Larsen. Ho meiner det er plass til flyktningane i kommunen.

Eg synest det er skuffande og rett og slett flautt å vere innbyggar i Lurøy kommune når administrasjonen vel å gøyme seg bak at kommunen ikkje har eit apparat til å ta imot dei.

Ho skreiv eit innlegg på Facebook om at ho ikkje var nøgd med kommunens avgjerd.

Innlegg fra Ellen Haga Larsen på Facebook om at Lurøy ikke skal ta imot flyktninger

Dette innlegget på Facebook sat kommentarfeltet i kok. Fleire var samde med Ellen Haga Larsen.

Foto: Skjermdump

Det sette kommentarfeltet i kok. Mange var einige med Larsen, men det var òg mange som var einige med ordføraren i Lurøy.

Les også Sprekkfulle hoteller hindrer flyktninger husly

Leiligheter og stolheis i Holdeskaret, Hemsedal.

Ordførar: – Ikkje kompetanse på området

For Lurøy kommune har ikkje etablert flyktningmottak, slik mange andre kommunar har.

Kommunen har difor meldt tilbake til myndigheitene at dei manglar apparat, erfaring og bustadar for å ta imot flyktningar:

Informasjon frå Lurøy kommune om mottak av flyktningar.

Denne informasjonen har Lurøy kommune lagt ut på sine nettstadar om kvifor dei ikkje tek imot flyktningar.

Skal ein ta imot flyktningar er det sannsynleg at dei treng nokre kommunale tenester. Då må ein vere sikker på at ein kan gi dei tenestene som trengst.

Det seier ordførar Håkon Lund (H) i Lurøy.

Ordfører Håkon Lund i Lurøy (H).

Lurøy-ordførar Håkon Lund (H) peiker på at Lurøy er eit øysamfunn. I motsetning til nabokommunane har dei ikkje eit naturleg sentrum der flyktningane kan bu.

– Lurøy har ikkje kompetanse på dette området. Men eg kan tenkje meg at det allereie er ukrainske flyktningar som har kome til Lurøy og bur privat, seier ordføraren.

Kommunen skal likevel ta opp spørsmålet på nytt både i formannskap og kommunestyre dei neste vekene.

– Det er ingenting som er hogd i stein, men slik er stoda nett no.

Statsforvaltar: Lurt av Lurøy

Statsforvalteren om Cato Karlsen i Nordland meiner det kan vere lurt av Lurøy å seie nei til å ta imot flyktningar.

Det viser god sjølvinnsikt når kommunane vurderer at dei ikkje kan gi eit slikt tilbod.

tom cato

Statsforvalteren i Nordland, Tom Cato Karlsen har forståing for at nokre kommunar ikkje føler dei har apparat til å ta imot flyktningane.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Han seier at han veit det er kommunar som har utfordringar innan helseteneste eller barnevern.

– Då kan det vere utfordrande å ta imot folk som treng mykje bistand.

Likevel meiner statsforvaltaren i Nordland at så mange som mogleg må ta del i dugnaden.

Meiner kommunane får for vag informasjon

Innvandringspolitisk talsperson for Høgre, Mari Holm Lønseth, har kritisert at kommunane har fått for vag informasjon om kva som ventar dei.

Veldig mange av kommunane eg får tilbakemelding frå saknar tydlegare signal på kor mange dei skal ta imot og korleis dei skal ta dei imot når dei først kjem hit, seier ho.

Mari Holm Lønseth står forran en vegg.

Mari Holm Lønseth, innvandringspolitisk talsperson for Høgre seier det vil krevje mykje av kommunane å gi gode skuleplassar, bustadar og integreringstilbod.

Foto: Kasper Holgersen / NRK

Lønseth peiker på at dette er ein krevjande situasjon, sidan over 3 millionar flyktningar har flykta på tre veker.

– Dette krev ekstraordinær oppskalering av kapasiteten. Det er det mange kommunar som no etterlyser tydelegare signal på.

Robek-kommune tek imot 50 flyktningar

Hamarøy kommune i Nordland er ikkje like godt stilt økonomisk som Lurøy. Dei er på Robeklista.

Likevel har kommunen sagt ja til å ta imot 50 flyktningar.

Det er eg heilt sikker på at vi får til. Robekstatus er overhovudet ingen hindring, seier Britt Kristoffersen, ordførar i Hamarøy kommune.

Ordføraren peiker på at ein får tilskot av staten for å drive busetting. I tillegg har Hamarøy mange års erfaring med busettingsarbeid. Dermed har dei allereie ei teneste oppe.

– Noko må kanskje bli skalert opp. Samstundes er vi ein distriktskommune med geografisk spreidde tenester, og vi skal greie å finne skuleplass til alle.

Nova Sea på Lovund

Årsaka til at Lovund har ein samla skatteinngang på ein halv milliard er mellom anna at lakseoppdrettet Nova Sea held til på Lovund i Lurøy.

Foto: Hans Petter Sørenen

Ellen Haga Larsen i Lurøy forstår at heimkommunen hennar helst ville tilbode flyktningane eit ordentleg apparat. Likevel meiner ho at dei burde sagt ja i solidaritet.

– Dei burde kjenne Lurøyfjæringane. Vi er ressurssterke, har hjarterom og er rause. Vi ønsker å ta imot menneske på flukt som er i den verste situasjonen det går an å vere i.