Hopp til innhold

Rådmann må gå – får 2,5 millionar og god attest

Rådmannen i Tysfjord, Oddbjørn Nilsen, forlét si stilling etter mistillit hos kommunestyret. Med seg får har kring 2,5 millionar kroner og ein «god og fyldiggjerande attest».

Oddbjørn Nilsen i kommunestyret i Tysfjord

OMSTRIDT: Rådmann Oddbjørn Nilsen sitt forhold til kommunestyret i Tysfjord er mykje omtalt.

Foto: Simon Piera Paulsen / NRK

Dette har vore ei krevjande tid, det må eg innrømme. Eg er glad for at vi har funne ei løysing, seier ordførar i Tysfjord, Tor Asgeir Johansen.

I januar i år bad kommunestyret i Tysfjord rådmann Oddbjørn Nilsen om å fråtre stillinga si, grunna mistillit. I dag møttest kommunestyret for å sjå på Nilsen sine vilkår for å sei opp jobben.

No får han kring 2,5 millionar kroner og ein god attest frå kommunen.

Får ein god attest

Sjølv om kommunestyret ikkje hadde tillit til rådmannen og bad han forlate stillinga si, får han no ein «god og fyldiggjerande attest». Det er ein del av avtalen dei skreiv under i dag.

– Denne mannen har jo hatt mistillit i kommunestyret. Er det naturleg å gje han ein god attest?

– I avtalen står det at vi skal skrive ein attest, og eg held meg til det, svarar ordføraren.

Oddbjørn Nilsen får ein god attest

GOD ATTEST: Oddbjørn Nilsen vil få ein god attest frå Tysfjord kommune. I punktet under kan ein sjå at korkje av partane vil kunne ta opp att saka på nytt eller føre saksmål.

Foto: Dokument

Fekk 500.000 som plaster på såret

I tillegg til 24 månadar etterløn, får rådmann ei erstatning på ein halv million. 150 000 av desse kronene er skattefrie. Dette er Tysfjord kommune sin respons på medieomtale av rådmannen si oppseiing.

I januar i år fekk NRK innsyn i dokument frå Tysfjord kommune. Mistilliten mot rådmannen var temaet. Dei omtalte saka, noko som ikkje fall i god jord hos Nilsen.

Eit punkt i rådmannen sin avtale er at han får erstatning for krenking – betalt av kommunen.

– Kvifor får han desse pengane?

– Denne saka kom jo ut i media. Det ser eg på som uheldig. Vi vart einige om å gje han dette. Det står vi for, svarar ordføraren.

Ordfører i Tysfjord

UHELDIG OMTALE: Ordføraren tykte omtalen av rådmannen i media var uheldig.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Lukrativ avtale

– Då Nilsen tok til i stillinga låg det i korta at Tysfjord kunne bli slått saman med ein annan kommune. Eg tenkjer han ville ha sikkerheit i tilfelle han måtte gå frå stillinga innan kort tid, seier Gunnar Reinsnes.

Gunnar Reinsnes

IMPONERT: Gunnar Reinsnes seier Oddbjørn Nilsen forhandla seg fram til ein avtale som var særs gunstig for han sjølv.

Foto: Simon Piera Paulsen / NRK

Reinsnes er advokat og arbeidsrettsekspert. Han har tidlegare kommentert forholdet mellom rådmannen og Tysfjord kommune.

– Kor vanleg er det å ha to års etterløn?

– Nei, for rådmenn veit eg ikkje, men det er veldig vanleg hos toppleiarar i næringslivet, seier Reinsnes.

Arbeidskontrakta mellom Oddbjørn Nilsen og Tysfjord kommune

Etter arbeidsavtalen mellom Tysfjord Kommune og rådmann Oddbjørn Nilsen, skal rådmannen få etterløn frå vedtak om kommunesamanslåing er fatta på Stortinget – ikkje frå kommunesamanslåinga faktisk tek til.

Foto: Dokument

Arbeidsavtalen mellom Nilsen og Tysfjord seier at ved nasjonalt vedtak om kommunesamanslåing, har Nilsen rett på 24 månadar etterløn. Dette gjeld altso frå det nasjonale vedtaket i Stortinget vert gjort, ikkje då samanslåinga faktisk tek til i 2020.

– Det verkar ganske godt forhandla, spør du meg. Då står han jo fritt til å vere med på samanslåingsprosessen. Om han vil gå på dagen, kan han gjere det, seier Reinsnes.

– So han kan altso berre gå på dagen og ta med seg 24 månadar med etterløn?

– Nettopp, svarar Reinsnes.

Oddbjørn Nilsen får ein god attest

HEILE AVTALEN: Les heile avtalen mellom Tysfjord kommune og Oddbjørn Nilsen her.

Foto: Dokument

Høyesterettsadvokat og forsvarar for rådmannen, Else Bugge Fougner kan ikkje seie mykje om saka, men seier følgjande om avtala:

– Dette er ein avtale kor partane ved hjelp av sine advokatar har forhandla seg imellom. Partane har sikkert nok vektlagt ulike element forskjellig, men dette er resultatet, seier ho.

Avtala er open, men ut over dette har både partane og advokatane forplikta seg til ikkje å gi ytterlegare kommentarar til innhaldet i avtala.