Hopp til innhold

Luftfartstilsynet støttar trygging av redningshelikopter

Wenche Olsen, direktør for Fagavdelinga i Luftfartstilsynet støttar mobilappen som skal hindre ei ny Sollihøgda-ulukke.

Wenche Olsen

POSITIV TIL TEKNOLOGIEN: Wenche Olsen hjå Luftfartstilsynet er glad for at ein tek tryggleiken til pilotar og mannskap på alvor.

Foto: Ola Helness / NRK

– Me er positive til alt som er med på å styrke flysikkerheita, seier Olsen.

Appen «Landing Zone North» skal hjelpe ambulanse- og redningshelikopter å lande tryggare. Denne blei laga grunna Sollihøgda-ulukka, der to personar miste livet og ein vart hardt skadd i 2014. Ambulansehelikopteret trefte ei høgspentleidning då det skulle lande.

Olsen har ikkje sjølv sett appen enno, men seier ho er glad for alt som gjer den allereie vanskelege jobben til pilotar tryggare.

– Luftfartstilsynet har dei siste åra jobba aktivt for meir og betre merking av luftfartshinder. I tillegg har me eit prosjekt på gong saman med Samferdsledepartementet og Kartverket om å registrere moglege hinder hjå Kartverket på ein lettare måte, seier direktøren.

Redningshelikoptrene og luftambulansetjenesten får nå et nytt hjelpemiddel om bord. På et nettbrett kan redningsfolkene se hindringer som kraftlinjer og lyktestolper der de skal lande.

BLI MED I HELIKOPTERET: Fartøysjef Kjetil Vik syner fram den nye appen som skal trygge mannskapet i helikoptera.

– Luftfartstilsynet jobbar for meir og betre merking av hinder samt at registrering kan gjerast enklare slik at hinderdatabasen kan vere so oppdatert som mogleg. Dette vil gje best mogleg datagrunnlag for appar og elektroniske kart, seier Olsen.