NRK Meny
Normal

Lovar oppvaskmøte med ministeren

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) besøker Andøya i dag. Der vert han møtt av partifellar som lovar oppvaskmøte. – Vi føler at vi ikkje vert høyrt.

Innbyggerne på Andøya samles for å bevare flystasjonen

USEMJE: Leiing og grasrot er heilt ueinige i korleis Andøya Flystasjon skal handterast. Her frå protestar på Andøya berre dagar før stortingsvedtaket.

Foto: John Inge Johansen / NRK

15. november 2016 vedtok Stortinget å leggje ned Andøya flystasjon. Kvar femte innbyggjar i den vesle kommunen vert ståande utan arbeid, og fleire meiner dette vert kroken på døra for lokalsamfunnet.

I dag kjem kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner på besøk til Andøya, mellom anna for å møte lokallaget og kommunen. Dei skal snakke om omstilling når flyplassen vert lagt ned. Men lokallaget han møter er lite nøgd med politikken regjeringa fører.

Sjeldan har nok kommunalministeren vore omringa av partifellar som er totalt ueinige i partiet sin politikk.

Yngve Laukslett

OPPVASKMØTE: Yngve Laukslett kjem i dag til å ta opp forskjellen mellom lokallaget og Høyre sentralt sitt syn på Andøya.

Foto: Privat

– Innbyggjarane i kommunen treng noko konkret no. Lovnadar om omstillingsmidlar og sympatierklæringar er ikkje nok, seier leiar av Andøy Høyre, Yngve Laukslett.

Kva ministeren har med seg av nyheiter, veit me ikkje. Lokallaget til Høyre har ikkje vore einige med leiinga i partiet om stortingsvedtaket om å leggje ned Andøya Flystasjon. Dette kjem til å bli eitt av temaa på eit lukka medlemsmøte, etter det NRK kjenner til.

– Andøya Høyre ynskjer å fortelje leiinga i partiet kvifor me er så ueinige i Stortinget sitt vedtak, seier Laukslett.

Lovnadar om pengar

Kommunalministeren og regjeringa løyvde i desember fem millionar kroner til å setje i gong omstillingsarbeidet på Andøy.

– Kjem Jan Tore Sanner med meir pengar i dag?

– Nei!, kjem det raskt frå ordførar Jonni Solsvik.

Ordfører Jonni Solsvik Andøy kommune

HÅPAR IKKJE PÅ PENGAR: Ordførar Jonni Solsvik meiner at Andøy ikkje kan få omstillingsmidlar enno. – Me er ikkje klare enno, seier han.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

– Det håpar eg verkeleg at han ikkje gjer. Me held framleis på med utviklinga av ein formell omstillingssøknad. Andøya kjenner denne prosessen, og det er ingen snarvegar rundt den, seier Solsvik.

Men Laukslett har andre håp enn ordføraren.

– Me har jo forventingar til at han har noko med seg. Innbyggjarane på Andøya treng noko konkret no. Me har levd i uvisse i sidan det fagmilitære rådet kom for over eitt år sidan. Det er uhaldbart, seier lokallagsleiaren.

. Me har mykje kompetanse om maritime flyoperasjonar internt i partiet. Me veit kva me snakkar om, seier Laukslett.

Lukka møter

To av punkta på ministeren sitt program for dagen er møter med kommunen og medlemsmøte med lokallaget. På papiret er tema begge stadar omstilling.

– Dette er jo eit standard medlemsmøte som er lukka. Slik er det jo i alle parti, seier Laukslett.

– Kva Sanner kjem til å sei, veit ikkje eg. Departementet og lokallaget er jo veldig ueinige, så det vert eit slags oppvaskmøte, seier lokallagsleiaren.

– So debatten om Andøya er enno ikkje over?

– Den er ikkje over, det skal eg love deg, ler Laukslett.