Hopp til innhold

Lofoting dømd for seksuelle handlingar mot mindreårig

Ein mann i Lofoten må i fengsel etter å ha blitt dømt for seksuelle handlingar mot ei ung jente, skriv Lofotposten.

Mannen stod tiltalt for seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år i Salten og Lofoten tingrett. Då saka blei behandla møtte mannen og tilstod utan atterhald.

Bakgrunnen for tiltalen var at mannen i perioden på over eit halvt år ved fleire høve skal ha hatt seksuell omgang med ei jente som var mellom 14 og 16 år. Tiltalte var i starten av 20-åra i gjerningsperioden som ligg nokre år tilbake i tid.

I dommen kjem det fram at både fornærma og tiltalte nekta for at det hadde skjedd noko seksuelt mellom dei då dei blei avhøyrt etter at barnevernet hadde meldt saka til politiet. Begge har forklart at dei var einige om å nekte for dette.

– Dei hadde på dette tidspunktet framleis eit kjærasteliknande forhold og retten legg til grunn at dette var bakgrunnen for at fornærma ikkje forklarte kva som hadde skjedd. Retten viser til at det ikkje er uvanleg at det tar lang tid for barn å forklare seg om seksuelle overgrep som er gjort mot dei, heiter det i dommen.

Mannen blei funne skuldig etter tiltalen.

Retten vurderte det som skjerpande at den seksuelle omgangen skjedde ved fleire høve over ein periode på underkant av eit halvt år. Vidare vurderte retten det som skjerpande at fornæma på gjerningstidspunktet var ei sårbar, mindreårig jente i ein ustabil livssituasjon.

Den store aldersforskjellen mellom dei to blei også vurdert som eit skjerpande moment.

Den sikta si tilståing utan atterhald talte i formildande retning.

Retten sette straffen til fengsel i 120 dagar. Han må også betale 130.000 kroner i oppreising til fornærma.

Salten og lofoten tingrett
Foto: Alexander Kjønsø Karlsen / NRK