NRK Meny

Lofoten sjukehus beheld akuttkirurgien

I dag blei det bestemt at Lofoten sjukehus får behalde akuttkirurgien sin.

Fakkeltog i Lofoten, Gravdal

HØGLYDTE PROTESTAR: Folket i Lofoten protesterte høglydt då forslaget om å leggje ned akuttkirurgien blei fremja.

Foto: Kjersti Fossåskaret Eltoft

– Dette er ein gledas dag, seier Elisabeth Holand hjå Aksjonsgruppa for Lofoten sjukehus.

I fleire år har spørsmålet kring akuttkirurgien i Lofoten vore ei kampsak for lokalbefolkninga. I dag blei det avgjort: akuttberedskapen i Lofoten består, skriv Lofotposten.

– For oss er dette ei stor nyheit. Dette var det beste å gjere for alle som bur i Lofoten, seier Holand.

Fakkeltog mot sykehusnedlegging i Gravdal

PROTESTAR: For to år sidan marsjerte nær 4000 menneske i fakkeltog for å protestere mot forslaget om å leggje ned akuttberedskapen.

Foto: Kjersti Fossåskaret Eltoft

Ei viktig sak

Akuttkirurgien tyder mykje for lokalbefolkninga. Skuleborn møtte helseminister Bent Høie i 2015 med flagg med slagord som "Ikkje ta frå oss tryggleiken vår" og "Vi blør ikkje saktare enn andre".

VARM VELKOMST?: Då helseminister Bent Høie vitja Lofoten, møtte skuleborn opp med klare beskjedar. Saka er frå juni 2015.

– For lokalbefolkninga tyder dette mykje. Me kjenner på kroppen korleis forholda er her ute, og kjenner på uvisse når bruene er stengde. Akuttberedskapen var heilt naudsynt, seier Holand.

– Me i Aksjonsgruppa vil gjerne takke alle som har bidrege til at akuttberedskapen består. Både lokalbefolkninga, politikarar og mange andre har gjort ein stor innsats for sjukehuset, seier Holand.

Aksjonsgruppa for Lofoten sjukehus

NØGD: Elisabeth Holand, til venstre, er nøgd med avgjersla til Helse Nord. Frå høgre sit Ørjan Arntzen, Fredrik Voie og Eva Karin Busch.

Foto: Elisabeth Holand / Privat

Har nye mål for auge

– Vår jobb stoppar ikkje her, men dette var ein veldig viktig milepæl, seier Holand.

Ho seier at aksjonsgruppa hennar no ser framover mot nye måtar å betre Lofoten sjukehus på.

– Me har færre fødslar ved sjukehuset no enn før, fordi fleire fer til Vesterålen og Bodø. Det vert vår neste kampsak, seier Holand.

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
Hver dag havner store mengder med dårlig renset kloakk rett ut i fjordene våre. En rekke store norske kommuner bryter nemlig rensekravene viser NRKs kartlegging.
Adrian (27) må vise finger, rope, rekke tunge og lage kysselyder. Helst når det passer ekstremt dårlig.