I oktober 2022 vart Liv-Hege Martinussen kommunedirektør i Lødingen kommune.
Eit halvt år seinare er ho fjerna på dagen.
– Eg fekk beskjed først onsdag ettermiddag. Eg har ikkje fått ei grunngiving på kvifor eg må fråtre stillinga, seier ho til NRK.
Martinussen seier det kom som lyn frå klar himmel.
– Eg kan sikkert spekulere i kvifor, men det vil eg ikkje dele med dykk.
Martinussen hadde ei lønn på 1,1 millionar kroner, og får med seg ein sluttpakke på 550.000 kroner.
Ei kostbar avgjersle for ein kommune i pengetrøbbel.
Og kanskje ekstra kostbart sett i lys av at Nordlandskommunen har hatt fem forskjellige personar i kommunedirektør-stilling sidan 2015.
Personalsak
Ordførar i Lødingen, Hugo Jacobsen, vil ikkje kommentere kvifor dei avsett nok ein kommunedirektør.
Foto: Lødingen kommuneOrdførar Hugo Jacobsen seier dette er ein personalsak. Han vil ikkje seie noko om årsaka til at dei valde å avslutte arbeidsforholdet.
– Kommunestyret tilsett og avsett. Etter ei heilskapsvurdering bestemte ein seg for å bruke delen i arbeidsavtalen som tilsa at ein gjekk til ein sluttavtale.
– Var Liv-Hege Martinussen involvert i avgjersla?
– Det har vore samtalar, ja. Beskjeden blei gitt på tysdag samtidig som kommunestyret møttest, seier ordføraren.
Det var Kommunal Rapport som meldte om saka først.
Kostbar utskifting
– Sidan hausten 2015 har vi hatt tre kommunedirektørar og to konstituert internt i kommunen. Det talet er altfor høgt. Vi skulle hatt meir stabilitet i kvardagen, seier Jacobsen.
Ifølge ordføraren har utskiftinga av kommunedirektørar gjort eit innhogg i kommunekassa.
– Har de råd til å betale sluttpakke til Liv-Hege Martinussen?
Geir Bachmann er skeptisk til pengebruken.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK– Vi har strengt tatt ikkje råd. Samtidig er det kommunestyrets plikt å gjere det som er best for kommunen.
I 2003 hamna Lødingen på Robek-lista. I 2013 kom kommunen seg ut. I 2021 var dei tilbake på lista.
Folk NRK har snakka med i Lødingen er skeptiske til utskiftinga og pengebruken.
– Det syns eg ikkje noko om i det heile tatt. Rett og slett for at det er ei pengtyna, seier Geir Bachmann.
Etter ei omstilling over fleire år, og tap av mange arbeidsplassar, har økonomien lidd.
Ulrika Lillestjerna seier situasjonen i Lødingen er trasig.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRKKommunen er den største arbeidsplassen i Lødingen no.
– Eg syns det er utfordrande at vi skal ha så mange på kort tid. Det går jo utover oss alle som er tilsett i kommunen, og heile Lødingens befolkning, seier Ulrika Lillestjerna. Ho legg til:
– Vi bruker mykje pengar på å tilsetje nye. Det er veldig trasig at vi har kome i den situasjonen.
Små kommunar slit med å finne direktørar
Ordføraren seier at det å vere ein liten kommune med særs anstrengt økonomi, gjer at kommunedirektøren har ei krevjande og vanskeleg stilling.
– Lødingen står for mange forskjellige teneste til innbyggjarane. Samtidig skal ein vere leiar for ein stor organisasjon. Det er ei utfordrande og vanskeleg stilling, ikkje tvil om det.
Og det å rekruttere kommunedirektørar som blir verande er vanskeleg. Særleg for små kommunar.
– Det er litt varierande kor lett det er å få tak i kandidatar til stillingane, men vi ser at i ein del mindre kommunar er det meir krevjande enn i ein større og meir sentrale kommunar.
Det seier leiar for det sentrale kommunestyreutvalet i (KS) Bjørn Fauchald og kommunedirektør i Vestre Toten kommune.
Stor utskifting
Han uttalar seg på eit generelt grunnlag, og seier at han veit det har vore ei stor utskifting på kommunedirektørsida.
– Det er nok ein overvekt av utskifting i mindre kommunar, seier Fauchald.
For å få ein stabilitet og gode arbeidsforhold for kommunedirektør og det politiske er det viktig å investere tid og gode samarbeidsrutinar, meiner Fauchald.
Og no startar jakta på den sjette kommunedirektøren på kort tid i Lødingen.
– Godtek du oppseiinga, Liv-Hege Martinussen?
– Eg held meg til vedtaket. Det må eg jo. Eg er ikkje på jobb.