Hopp til innhold

Lettare å få studieplass i Nordland

Om få dagar går fristen ut for å søkje studieplass. Søkjer du om studieplass i Nordland kan sjansen vere større for at du kjem.

Opning av Høgskulen i Bodø

Ordførar Odd Tore Fygle held tale under markeringa av semesterstart ved Høgskolen i Bodø. Høgskulen kjem langt ned på lista over studiestader med vanskelegast opptakskrav.

Foto: Tone Gullaksen

15. april går fristen ut for å søkje om studieplass innan høgare utdanning i Noreg. Er du interessert i å studere i Nordland, då har du bra moglegheiter til å oppfylt ynskjer ditt.

– Dei aller fleste studiane er opne, i den forstand at dei ikkje har veldig god søking, seier rektor Pål Pedersen ved Høgskolen i Bodø.

Tal frå Samordna Opptak viser at ved hovudopptaket i fjor tok Universitetet i Oslo sju av ti topplasseringar på rangeringa over dei vanskelegaste studiane å komme inn på i Noreg. Samtidig må ein langt ned på lista for å finne studium frå høgskulene i Nordland.

Først på 279. plass ligg Politihøgskolen i Bodø, medan journalistikkstudiet ved Høgskolen i Bodø er neste på 364. plass. (Sjå tabell nedst i artikkelen.)

Profesjonsstudiar vinn

Pål Pedersen Høgskolen i Bodø

Rektor Pål Pedersen Høgskolen i Bodø.

Foto: Susanne Lysvold / NRK

Oversikten viser at studium som fører til eit klart definert yrke er mest populære. Krava var i haust hardast til studium av medisin, odontologi, psykologi og ernæring.

I følgje Nettavisen fekk medisinstudiet ved Universitetet i Oslo 1878 kvalifiserte søkarar til 105 plassar til studiestarten i fjor haust. Kun 5,6 prosent av søkarane kom inn. Ved Høgskolen i Narvik reknar opptaksansvarleg Inger Karlsen med at dei fleste får ynskjer sitt oppfylt.

– Alle ingeniørstudia, med unntak av ved NTNU, er opne studier. Då tar vi inn alle kvalifiserte. Dei siste ti åra ikkje har det vore den heilt store søkinga. Men no byrjar det å snu seg litt, seier ho.

Sjukepleiarstudiet i Narvik, kor kapasiteten er avgrensa til 45 plassar, og enkelte masteremner er så populære at ikkje alle får plass her. Men sjølv studium som satelitteknologi, som i Noreg kun er tilgjengeleg i Narvik, har ledige plassar.

– Det har nok litt med at folk er usikre på kva slags jobb dei kan få etterpå, seier Karlsen.

God søking til masterstudium

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo har mange av studiane med høgast opptakskrav i Noreg.

Foto: Scanpix

Sjølv om Høgskolen i Bodø kjem langt ned på lista, meiner ikkje rektor Pedersen at det viser at høgskulen er mindre populær.

– Vi har til dømes god søking på masterstudium, kor vi lett fyller opp. Men dei har lokalt opptak og er difor vanskeleg å samanlikne med studia frå oversikten til Samordna Opptak, seier Pedersen.

Vil ha universitet

Seinare i år skal Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (Nokut) ta stilling til ein søknad frå Høgskolen i Bodø om å få universitetstatus. Pedersen meiner ein slik status vil kunne gi utdanning i Nordland eit stort løft.

– Eg trur det vil ha litt status å kunne bruke ordet universitet i namnet. Det vil signalisere at vi er på fagleg høgde med dei andre studiestadene i landet, seier Pedersen.

Høgskolen i Bodø

Snart universitet? Høgskolen i Bodø.

Foto: Jaro Hollan

Planane om universitet i Bodø har også blitt møtt med kritikk. Noreg har i dag sju universitet, men fleire høgskuler har planar om å søkje om universitetsstatus. Pedersen er likevel ikkje redd for at omgrepet universitet skal bli utvatna.

– Det blir stilt strenge krav til kvalitet, så det er ikkje sånn at vi berre kan ta namnet utan ei kvalitetssikring først. Dessutan blir vi ikkje eit breddeuniversitet, men får eit regionalt fotfeste med ein annan fagprofil. Eit universitet i Bodø vil komplementare tilbodet som er elles i landet, seier Pedersen.

Opptakskrav 2009

 

 

 

 

 

  Poenggrenser hovedopptaket 2009

(Kilde: Samordna Opptak)

 

Lærested

Studium

Ordinær kvote

Førstegangs- vitnemåls- kvote

1

Universitetet i Oslo (UiO)

UIO Medisin, høst

68.0

59.2

2

Universitetet i Oslo (UiO)

UIO Medisin, vår

66.9

57.8

3

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)

NTNU Medisin

66.3

59.6

4

Universitetet i Bergen (UiB)

UIB Medisin

65.7

57.7

5

Universitetet i Tromsø (UiT)

UIT Medisin

65.5

57.7

6

Universitetet i Oslo (UiO)

Psykologi prof høst

65.5

56.4

7

Universitetet i Oslo (UiO)

Odontologi, høst

65.2

56.8

8

Universitetet i Oslo (UiO)

Ernæring

64.4

56.6

9

Universitetet i Oslo (UiO)

Odontologi, vår

64.4

55.3

10

Universitetet i Oslo (UiO)

Psykologi prof vår

63.7

54.6

14

Universitetet i Tromsø (UiT)

Odontologi

63.4

54.8

28

Universitetet i Tromsø (UiT)

Fysioterapeut

57.9

51.0

68

Universitetet i Tromsø (UiT)

Sykepleier

53.8

43.9

79

Universitetet i Tromsø (UiT)

Rettsvitenskap

53.2

47.8

90

Universitetet i Tromsø (UiT)

Bedriftsøkonomi

52.6

38.0

128

Universitetet i Tromsø (UiT)

Tannpleier

50.8

39.7

149

Universitetet i Tromsø (UiT)

Kunkul

50.0

Alle

252

Universitetet i Tromsø (UiT)

Ledelse

46.3

40.8

279

Politihøgskolen (PHS)

Politiutd., Bodø

45.0

 

288

Universitetet i Tromsø (UiT)

Psykologi

44.8

40.4

300

Universitetet i Tromsø (UiT)

Radiograf

44.1

39.0

326

Universitetet i Tromsø (UiT)

Farmasi

43.4

45.1

340

Universitetet i Tromsø (UiT)

Økonomi og admin.

43.0

38.3

364

Høgskolen i Bodø (HBO)

Journalistikk

41.9

39.6

365

Høgskolen i Bodø (HBO)

Siviløkonom

41.9

42.0

396

Høgskolen i Bodø (HBO)

Sosionom

40.7

33.5

463

Høgskolen i Bodø (HBO)

Økonomi og ledelse

37.2

37.6

483

Høgskolen i Narvik (HiN)

Sykepleier

34.6

Alle

Ekspander/minimer faktaboks