Hopp til innhold

Mann arrestert etter væpna aksjon

Væpna politistyrkar arresterte i ettermiddag ein mann med pistol som blei observert i nærleiken av eit bustadfelt på Sortland.

Politiet sin panserbil

VÆPNA POLITI: Væpna politi var involvert i søket etter ein mann med pistol i eit bustadfelt. Dei nytta ein skotsikker bil i jakta.

Foto: Jens Andre Mehammer Birkeland

– Mannen blei arrestert utan dramatikk, seier Jon-Inge Moen, operasjonsleiar i Nordland politidistrikt.

Like før 1700 melde Politiet i Nordland om at dei søkjer etter ein væpna mann i eit bustadfelt.

Søket blei utvida frå berre bustadfeltet og til heile Sortland sentrum. Ambulansar sto i beredskap, opplyser politiet.

Mannen var ifølgje politiet vere iført caps, mørk jakke og svarte bukser. Dei bad publikum melde frå til 112 umiddelbart med tips.

– Dette stemte med beskrivinga frå augevitne, og vi er rimeleg sikre på at vi har rett mann i arrest, seier operasjonsleiaren.

Ambulansar på Sortland - væpna politiaksjon

STÅR KLARE: Fleire ambulansar står i beredskap på bussterminalen på Sortland

Foto: Jens Andre Mehammer Birkeland

Arrestert utan dramatikk

Mannen truga ingen med pistolen, skriv politiet på Twitter.

– Vi arresterte han kring 19:20, eit par timar etter vi fekk melding. Alt skjedde heilt udramatisk. Mannen sette seg ikkje til motverje, seier operasjonsleiaren.

– Var det korrekt at mannen var væpna med ein pistol?

– Ja, det stemmer, svarar Moen.

– Har de funne våpenet?

– Nei, det er enno ikkje gjort greie for. Vi held fram med å leite etter det, svarar operasjonsleiaren.

Væpna mann i vestmarka

Politiet har inga grunn til å tru at rusmiddel var involvert. Mannen vert no frakta til Sortland Lensmannskontor.

– Kor mange var med på aksjonen?

– Vi var tilstrekkeleg mannskap, med fleire væpna patruljar. Av taktiske grunnar vil eg ikkje sei kor mange vi var, seier Moen.