Hopp til innhold

La inn årene på det ambisiøse forsøket

Trønderane Hågen Fjørkenstad Dypdal og Bjørnar Veie skulle denne sommaren springe 14 maraton på like mange dagar.

Ferda gjekk langs Nordlandsruta, ein 650 kilometer lang tursti som går i grensetraktene mellom Noreg og Sverige gjennom Nordland.

150 kilometer på veg blei det til at dei måtte ta av maratonskoa.

Årsaka var smertefri, men ei tå med ope sår er vanskeleg å halde reint når dei ferdast i myr med mykje bakteriar.

– Det var rett og slett tåa til Bjørnar som det blei sår i. Ei blemme hadde gått opp og gitt ope sår. I myr med mykje bakteriar er det vanskeleg å halde det tett.

Det fortel Hågen Fjørkenstad Dypdal, som no er på hytta og ryddar for å ha noko å gjere på.

Etter å ha haika ned til Mo i Rana fekk dei snakke med legen som anbefalte å avlyse det ambisiøse forsøket.

– Der og då kjentest det ut som det rette å gjere. Vi kjente at det kom til å halde hardt å kome i mål.

– Når ein har planlagt 14 dagar og brått ikkje er inne i det lenger, så har eg gått rundt meg sjølv nokre dagar for å finne ut kva eg eigentleg skal bruke ferien på. Det blei eit lite vakum der, fortel Dypdal.

Makkaren Bjørnar slappar av og er opptatt med sårskift.

– Eg trur kanskje den ekskursjonsrunda som eg og kompisen min har hatt blir lagt lokk på dei neste åra. Men interessa er der framleis så vi kjem til å fortsette med fjelløping.

Bjørnar Veie og Hågen Fjørkenstad Dybdal
Foto: Privat