– Eg skulle berre vere med på lista nedst, for eg har ikkje tid til dette her.
Det seier Børre Johan Johannessen, som no sit i kommunestyret i Lurøy for Kystpartiet.
Når NRK ringer er han på sjøen og fiskar. Det var også det han hadde tenkt til å gjere dette året.
Men lurøyfolket som gjekk til urnene på måndag ville det annleis.
Børre har nemleg kome inn i kommunestyret på grunn av personstemmer.
Men det vil seie at nokon andre ikkje kjem inn i kommunestyret.
Det er Børres eigen far, Rudolf Ole Johannessen, som ikkje kjem inn.
– Absolutt ikkje planen
Lurøy kommune er den einaste kommunen i landet der Kystpartiet får inn ein representant.
Børre sto på femteplass på lista til Kystpartiet. Faren hans, Rudolf, sto på førsteplass.
Men Børre, representanten som kom inn, skulle eigentleg helst ha sett at det var faren som sat der.
– Eg har ikkje tid til å slå ut faren min, for det er travelt på fisket. Men det verker som at folk har tillit til meg, seier han og legg til:
– Dette var absolutt ikkje planen.
Planen var nemleg at faren, som er pensjonert fiskar, skulle kome inn. Han hadde hatt meir tid til å møte i kommunestyre enn sonen som framleis er aktiv fiskar.
– Vi saknar fiskarar i politikken. Vi har jo ein fiskeriminister frå Lurøy som er bonde, så vi må ha fiskarar i kommunepolitikken, seier Børre.
Børre Johan Johannessen fekk 13 personstemmer. Faren, Rudolf Ole Johannesen, fekk 5 personstemmer. Begge fekk fire slengarar.
Personstemmer har stor betydning
Men personstemmene har mykje å seie for korleis kommunestyra blir sjåandes ut, fortel valforskar Signe Bock Segaard frå UiO.
– Ein fjerdedel av alle kommunestyrerepresentantar er valt med personstemmer, seier ho.
Viss det berre var vallista som var avgjerande, ville kommunestyra ha sett heilt annleis ut, forklarar ho.
– Det at nokon vinnar den interne konkurransen og rykker opp på lista, er ikkje uvanleg, seier Segaard.
Grunnen til at det skjer er at ein kan gi både personstemmer og setje på slengarar frå andre parti på valsetelen.
– Kva har det å seie at ein kan gi personstemmer og skrive på slengarar?
– Det reduserer partidenes innflytelse og gi veljarane tilsvarande innflytelse.
90-åring kom inn på personstemmer
Og det er ikkje berre den yngre generasjonen som kjem inn med personstemmer.
I Bodø Høgre har kanskje den eldste kommunestyrerepresentanten i landet også kome inn med personstemmer.
Agnete Tjærandsen på 90 år kom inn i Bodø sitt bystyre, som ein av 39 representantar.
Ho sto eigentleg på sisteplass på Høgre si liste, men med 162 personstemmer og 14 slengarar kom ho inn på 10.-plass.
Leiar for valstyret, Ola Smeplass, fortel at ho kom inn med god margin.
Han meiner det er viktig at folk på hennar alder både stiller og ikkje minst får tillit.
– Det er fantastisk. Det viser kor flott demokratiet fungerer. Det er ikkje berre for menn med slips rundt femti dette, her har vi plass til alle.
Får ikkje fleire stemmer med personstemme
Men får veljarane fleire stemmer om dei stemmer på både person og parti?
Eigentleg ikkje, seier Johannes Bergh, leiar for valforskingsprogrammet ved institutt for samfunnsforsking.
Det som skjer er at du deler opp stemma din i mindre delar.
– Viss du gir ein slengar til ein kandidat på ei anna partiliste, gir du litt av din stemme til det andre partiet.
Det er eit litt komplisert reknestykke som varierer litt frå kommune til kommune, men Bergh forklarar det slik:
Viss du tenker deg eit kommunestyre med 21 representantar, gir du ein 21-del til det andre partiet om du gir ein personstemme.
For å gjere det endå meir komplisert, har partia allereie gitt kandidatane ei ekstra stemme i tillegg. Det er dei kandidatane som er utheva på lista. Dei har 25 prosent forsprang på dei andre.
– Det er ikkje alle som er klar over at når du gir ein personstemme, trekker du samstundes litt av stemma du gav til partiet du stemte på, seier Bergh.
I gamle dagar var det vanleg å endre på listene berre i små kommunar. No har det også blitt vanleg i det større byene, forklarar valforskaren.
– Ved sist val blei ca. halvparten av listene endra på. Det har auka gjennom fleire tiår.
– Ein super vara
Faren til Børre i Lurøy tar det ikkje tungt, sjølv om han ikkje kom inn i kommunestyret.
– Det er ikkje det verste. For å vere heilt ærleg ønska eg meg eigentleg det.
– Då burde Børre kanskje stått øvst på lista?
– Kanskje det, men det vart berre sånn.
Men nå det var som det vart, trur dei to fiskarane at dei kan få til ei god varaordning.
– Viss ikkje han har anledning kan jo kanskje eg få meg ein tur, seier faren.
– Han blir ein super vara. Eg reknar med at eg kjem til å bruke han mykje, seier sonen.