NRK Meny
Normal

Kvinne døydde etter vådeskot

Den 36 år gamle kvinna frå Bodø, som tysdag kveld blei utsett for eit vådeskot under jakt, døydde i går kveld.

Balteskardmarka
Foto: NRK

Det var 36 år gamle Lill Aase frå Bodø, som tysdag kveld blei utsett for eit vådeskot i houvdet under jakt. Ho døydde onsdag kveld på sjukehuset av skadene ho fekk.

Det opplyser politiet i Evenes og Skånland.

Kvinna var på rypejakt saman med to andre i Grovfjord i Sør-Troms.

Det er uklart kva som var årsaka til hendinga, men politiet etterforskar saka. Kvinna skal no obduserast, politiet skal gjere ein ny åstadsundersøking og ta fleire avhøyr av dei andre i jaktlaget.

Straff

Lensmann Morten Hole

Lensmann Morten Hole.

Lensmann Morten Hole seier at om det viser det seg å vere eit rent uhell at skotet gjekk av kan saka verte lagt bort. Viss ikkje kan den som skaut verte sikta for uvarsamt bruk av våpen. Det viser erfaringer frå tidlegare jaktulukker.