Hopp til innhold

Kvar dag får seks nordmenn føflekkreft:– Problemet ligg i solkulturen i Noreg

I påska er vi spesielt utsett for å bli solbrent. Hege fekk føflekkreft og måtte sy att auget. No vil ho åtvare andre.

Solkrem

PÅSKESOL: Nordmenn er glade i å vere i sola etter ein lang vinter med knappleik på sol, ifølge kreftforskar.

Foto: Iris Straume

Meteorologane har lova påskesol til store delar av landet. Om du er ein av dei som då trekkjer mot solveggen bør du ha eit par ting i bakhovudet.

Det meiner seniorforskar ved Kreftregisteret, Trude Eid Robsahm. I påska er vi nemleg spesielt utsett for UV-stråling.

Robsahm trur folk blir desperate etter sol når den endeleg vendar tilbake etter ein lang og mørk vinter:

– Vi er veldig glade å vere i sola og det er kanskje fordi vi har ein veldig lang vinter der vi har knappleik på sol.

I Noreg er vi faktisk så glade i sol at vi er i toppen av statistikken over hudkreft – både når det gjeld førekomst og dødelegheit.

Noreg er nummer tre i verda på førekomst av hudkreft – etter Danmark og Australia.

Når det gjeld dødelegheit ligg Noreg som nummer to – etter Australia.

Påskevær på fjellet

Hudlege ved Nordlandssykehuset, Tzellos Thrasyvoulos seier vi kan førebygge kreften med å bruke solkrem, hovudplagg og solbriller i påskesola.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

I 2021 fekk 3097 personar påvist hudkreft i Noreg, viser tal frå kreftregisteret.

Sjå tips til korleis du unngår å bli solbrent lenger ned i saka.

Les også Advarer mot stor skredfare i store deler av landet: – Svært lett å løse ut store skred

Bilde av testing av skredprofil i Salten.

Måtte sy att auget

Ein som er glad i sol og varme er Hege Schultz Eilertsen frå Kabelvåg i Lofoten. Men forholdet hennar til solstrålane endra seg etter 2017.

Då oppdaga ho ein kul under auget.

Den byrja å klø og vaks seg etter kvart større, fortel ho. Etter nokre rundar hos fastlegen vart ho send til hudlege i Bodø. Der vart det gjort ein biopsi og resultatet vart klart:

Ho hadde melanomkreft, også kalla føflekkreft.

Etter det gjekk prosessen relativt kjapt fortel ho. Ho måtte fjerne det venstre augelokket nede og fekk transplantat frå det øvre augelokket.

Hege Eilertsen etter operasjon

Slik såg Hege Eilertsen ut etter operasjonen.

Foto: Privat

– Eg gjekk med gjensydd auget i litt over ein månad.

Det er vanskeleg å seie noko konkret om kva som forårsaka kreften, men Eilertsen trur sola har vore ein viktig faktor:

– Mest sannsynleg og i dei aller fleste tilfella, så er det for mykje sol og for dårleg vern som er årsaka.

Les også Trend på TikTok for maksimal «tan» – Kreftforeningen advarer

TikTok. UV. UVindeks. indeks. sol

Gløymer å ta pause frå sola

No er ho frisk igjen, men er ekstra varsam.

– Eg er framleis glad i sol og varme, men eg passar på å vere mykje i skugge midt på dagen, bruke solfaktor 50 og kaps.

Eilertsen har no vorte nestleiar i Melanomforeininga og ønskjer å opplyse andre om farane ved å ikkje beskytte seg mot sola.

Solbrune Hege Schultz Eilertsen med brille og kort grått hår.

No er Hege Eilertsen frisk att, og passar på å vere mykje i skuggen midt på dagen.

Foto: Privat

Eg trur veldig mange tenkjer at det ikkje skjer noko med dei. Difor er ikkje folk flinke nok til å beskytte seg, seier ho og legg til:

– Mange bruker kanskje solkrem men gløymer å ta pausar frå sola og sitje i skugge.

Tenkjer du over risikoen når du er ute i sola?

– Sit altfor lenge i sterk sol

– Noreg har eit hudkreftproblem, seier hudlege ved Nordlandssykehuset, Tzellos Thrasyvoulos.

Kvar dag får meir enn seks diagnosen melanomkreft. Føflekkreft er den alvorlegaste forma for hudkreft og ein av dei alvorlegaste for kreft generelt, ifølgje hudlegen.

Årsaka til melanom er i hovudsak eksponering for UV-stråling frå sol og solarium, ifølgje Kreftforeninga.

Thrasyvoulos trur mange nordmenn ikkje er godt nok informerte.

– Til dømes trur mange at dersom dei sit under sola i mange timar vil dei produsere meir D-vitamin, men det stemmer ikkje. Vi produserer ikkje D-vitamin for mange år fram i tid. Effekten varer berre ein dag.

Ivrige skigåere i fint vær med blå himmel.

Klede er eit godt vern mot sola på påskefjellet.

Foto: Tore Meek / NTB

Til liks med kreftforskar Robsahm trur han at problemet ligg i solkulturen i Noreg.

Nordmenn sit altfor lenge i altfor sterk sol, meiner han.

– Huda vår er uvand til sola i 5 månader på grunn av mørketida og mykje soleksponering med ein gong er det verste.

Han og kreftforskar Robsahm har fleire råd til deg som skal ut i påskesola:

Bruk solkrem med minst faktor 50

I påska er vi spesielt utsett, seier seniorforskar ved Kreftregisteret, Trude Eigd Robsahm.

– Hugs at sola kan vere sterk sjølv om det er tidleg på våren. Særleg når vi er på ski, då reflekterer snøen sola slik at han blir endå sterkare, seier Robsahm og legg til:

– Då er det viktig å smørje seg med eit godt lag med solkrem i ansiktet og på kroppen.

Sole seg

I påska er vi spesielt utsett for sola. – Bruk solkrem med minst faktor 50, er rådet frå ekspertane.

Foto: Ukjent! / Scanpix

Bruk hovudplagg

Hudlege Thrasyvoulos seier at ein bør unngå den sterkaste sola midt på dagen, bruke solbriller og hovudplagg som hatt eller kaps.

Kreftforeininga skriv at hatt med brem gir betre skugge enn kaps, som ikkje beskyttar nakken og øra.

– Kreften er farleg, men kan førebyggjast, seier han.

Prinsesse Ingrid Alexandra, kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit under Raw Air Verdenscup i hopp for kvinner i Holmenkollen skifestival 2023 i Oslo

Prinsesse Ingrid Alexandra, kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit brukte alle solbriller under Raw Air Verdscup i hopp for kvinner i Holmenkollen i Oslo.

Foto: Lise Åserud / NTB

Klede er det beste vernet

– Klede er det beste vernet, seier forskar Robsahm.

Kreftforeininga skriv at lyse fargar slepp gjennom meir strålar enn mørke fargar, så jo meir fargerike og tettvevd tøy, desto betre vern gir det. Klede kan gi dårlegare beskytting om tøyet er vått.

– UV-varselet seier noko om styrken til sola, forklarar Robsahm.

UV. Indeks. Uv-indeks. uvindeks. Direktoratet for samfunssikkerhet og beredskap.

Slik er UV-indeksen frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Grafikk: Andreas Nilsen Trygstad / NRK

Her seier ho også at ein må vere obs på at sola er endå sterkare om ein er på snø.

– Målet er å gå gjennom påska utan å bli solbrent, avsluttar ho.

Les også Jo, du kan bruke solkrem fra i fjor

Flaten