NRK Meny
Normal

Kunst vraka i tollen

Kunstnar Hugo Aasjord frå Steigen trur ikkje sine eigne auge.

Hugo Aasjord
Foto: NRK / NRK

Fyrst vart bileta øydelagt i den italienske tollkontrollen. Deretter fekk han store vanskar med å få bileta tilbake til Noreg.

Kunstnaren Hugo Aasjord frå Steigen i Nordland trur fortsatt ikkje sine eigne auge.

- Kassa hadde gått igjennom ei massakre av ei behandling av det italienske tollvesenet, seier Aasjord.

Sjeldan invitasjon

Kunstnaren Hugo Aasjord frå Steigen i Nordland fekk ein sjeldan invitasjon til Firenze som han ikkje kunne seie nei til.

- Det var ei internasjonal utstilling med over 800 utstillarar frå heile verda, fortel han.

Kunstverka vart pakka forsvarleg i ei kasse og sendt i forvegen. På grunn av transportstreik i Italia kom Hugo Aasjord til Firenze berre få timar før utstillinga skulle opne. Det vart eit sjokkarta møte .

- Det såg ut som tollvesenet hadde gjort ein grundig jobb. Dei hadde gått laus med brekkjern og når dei skulle setje fast lokket igjen har dei berre spikra det på igjen og bomma kraftig, seier han.

Skrekkeleg

Dagleg leiar i Norske Billedkunstnere, Gjert Gjertsen, er svært kritisk til den behandlinga som Hugo Aasjord har vorte utsett for.

- Det kan karakteriserast som skrekkeleg. Ein kvar skade er ein skade for mykje. Det er mogleg at dei ikkje behandlar kunst med nødvendig omtanke, seier han

Men der stoppar ikkje denne historia. For Hugo Aasjord har ikkje fått bileta sine tilbake frå Italia etter at utstillinga vart avslutta for fleire veker sidan.

Og når kassa med Hugo Aasjord sine kunstverk kjem til stasjonen i Bodø vert kunstnaren nødt til å stille med takstmann frå forsikringsselskapet.