Hopp til innhold

Kulturkvartalet einstemmig vedteke

Eit einstemmig bystyre vedtok i dag arkitektforslaget "Urbane Figurer".

Urbane figurer

Eit einstemmig bystyre i Bodø vedtok i dag arkitektforslaget 'Urbane Figurer'. Kulturkvartalet kjem til å koste nesten ein milliard kroner.

Foto: Arkitektene

Kulturkvartalet skal byggjast ut med nytt kulturhus og nytt bibliotek- til saman vil dette koste nærare ein milliard kroner.

Dei har holdt fleire arkitektkonkurransar og ein eigen jury har einstemmig gått inn for eit arkitektforslag som har fått namnet "Urbane Figurer".

Og allereie før avgjersla vart teken låg det an til eit einstemmig vedtak i bystyret. Forslaget vart debattert grundig før dei tok avgjersla.

Bystyret vedtok også nokre endringsforslag både på fasaden, og innvendig i bygga.

Video nsps_upload_2009_4_1_8_19_2_2206.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Enstemmig vedtatt

Fremja forslag om utsetjing

Svein Olsen frå partiet Rødt fremja idag eit forslag om utsetjing. Han vil gjerne ha fleire forslag på bordet.

- Eg vil gjerne ha fleire forslag på bordet. No har me fått eitt forslag frå juryen. Dei andre forslaga er plassert på sidelinja og me har ikkje fått vurdert dei, seier Olsen.

Han meiner dei minst burde hatt to andre forslag i tillegg til dette eine.

- Det skal skje så mange endringar både innvendig og utvendig. Eg tykkjer me burde fått moglegheita til å vurdere funksjonaliteten til to andre bygg, seier Olsen.

Men han understrekar at det ikkje er snakk om mistillit til juryen.

- Me er lekfolk, og burde difor fått meir enn to bygningar å forholde oss til, seier Olsen.

- Eg tykkjer me treng ein intensiv tenkepause fram til sommaren, og i den tida kunne me vurdert to andre forslag. På den måten ville bystyret ha eit mykje betre grunnlag for å fatte ei avgjersle, seier han.

LES OGSÅ: Slik blir kulturkvartalet

LES OGSÅ: Bodø får kulturhus i Molorota

LES OGSÅ: Kulturkvartalet på vent

LES OGSÅ: "Anna Karoline" med i planane