NRK Meny
Normal

Kulturell- suksess

Nordland vert rosa opp i skyene for sitt arbeid med Den Kulturelle Skulesekken.

kulturell skolesekk

Nordland vert rosa opp i skyene for sitt arbeid med den kulturelle skulesekken.

Foto: Hans Petter Reppe / NRK

Ordninga gjer at elevane møter kunst og kultur på eit høgt nivå.

Leiaren for Den Kulturelle Skulesekken på nasjonalt nivå, Astrid Holen, ser på Nordland som eit føregangsfylke.

Godt eksempel

- Me har trukke fram Nordland som eit godt eksempel i Stortingsmeldinga om Den Kulturelle Skulesekken, fortel Holen.

Den Kulturelle Skulesekken er ei nasjonal ordning der alle norske skuleelevar får møte profesjonell kunst og kunstnarar på høgt nivå.

I det komande skuleåret 2008 / 2009 skal 800.00 elevar vere med på denne ordninga, som av fleire reknast som den største og mest vellukka kultursatsinga i det norske skulesystemet. Og Nordland viser veg.

- Me satsar på å få kunsten og kunstnarane ut til skulane. Me sender til eksempel ut billedkunstnarar som har med seg bileta sine. Dei fortel om arbeida og arbeidar med elevane i grupper etterpå. Denne formen for arbeid har vorte kalla Nordlands-modellen, seier leiar for Den Kulturelle Skulesekken i Nordland, Astrid Arnøy.

Gode tilbakemeldingar

Ho har fått mange positive tilbakemeldingar både frå elevar og lærarar, men det er særleg ei melding frå Hamarøy som gledar henne.

- Me har fått respons i frå mange kommunar, men Hamarøy skriv i sin årsrapport at dei har elevar som hadde tenkt å reise til andre stadar for å ta vidaregåande, men som etter å ha opplevd Den Kulturelle Skulesekken ynskjer å verte verande i kommunen, fortel Arnøy.

Ho seier at dei får mange liknande tilbakemeldingar.

- Me opplev at Den Kulturelle Skulesekken har ein slik effekt på elevar. Det gjev mange ringverknadar å få møte kunstnarar i lokalmiljøet, seier ho.

Forfattar-møte

Og møtet med forfattarar gjennom Den Kulturelle Skulesekken kan ha ei heilt avgjerande tyding for fleire elevar.

- Me har forfattarar som reiser rundt og det er utruleg populært. Me får tilbakemeldingar frå elevar som ikkje har lest ei bok, men som etter å ha møtt forfattarane seier at dei vil verte forfattarar, fortel Arnøy.

Astrid Holen som leiar Den Kulturelle Skulesekken på nasjonalt nivå peikar spesielt på arbeidet som er gjort i Nordland.

- Dei har gjort eit veldig godt arbeid sett i frå fylkeskommunen si side. Me har lyst til å trekke fram Astrid Arnøy sin innsats i lokalsamfunnet, seier Holen.

Og Astrid Arnøy er ikkje i tvil om resultatet av Den Kulturelle Skulesekken om nokre år.

- Eg trur at når Den Kulturelle Skulesekken har vart i nokre år, så vil me sjå eit publikum som er mykje meir kultur-medvitne, seier ho.

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
Nyhetsreportasje fra NRK.
Hver dag havner store mengder med dårlig renset kloakk rett ut i fjordene våre. En rekke store norske kommuner bryter nemlig rensekravene viser NRKs kartlegging.