Hopp til innhold

Slik ser flyktningmottaket ut dagar før 200 flyktningar kjem

Her skal hundrevis av flyktningar bu om få dagar. Men leiinga for flyktningmottaket lover at dei skal få det i orden.

Om lag 1600 ukrainske flyktningar har no kome til Noreg. Og fleire skal det bli.

FNs høgkommissær for flyktningar – UNHCR – meldar at over 2 millionar ukrainarar har flykta dei siste to vekene.

Fleire kjem til Noreg, og difor har regjeringa gjort avtalar med rundt 8000 mottaksstadar.

Eit at dei er Nord-Norsk Mottakssenter AS på Tverrlandet. Dei skal ta imot 213 flyktningar allereie torsdag neste veke.

– Staden er uverdig

Men få dagar før flyktningane kjem er det på inga måte klart.

– Det er hårreisande å vere vitne til at det er her dei skal bu. Staden er heilt uverdig, seier Anne Mette Skorstad.

Flyktningmottak Tverrlandet
Ho og mannen, Fredrik Staib var eigentleg på tur for å sjå staden Staib budde då han var i forsvaret i Bodø for femti år sidan.
Flyktningmottak Tverrlandet
Då dei oppdaga at staden om berre få dagar skal huse hundrevis av traumatiserte flyktningar fekk dei sjokk.
Flyktningmottak Tverrlandet
Karmer på dører og vindauge var rote og det var vatn på golvet. Og det lukta piss.
Flyktningmottak Tverrlandet
– Tårene rann då vi såg det. Dei har så mykje smerte i seg. At vi ikkje har samvit til å gi dei noko betre.

Skorstad jobbar som pedagog og norsklærar for nye landsmenn. Difor vart ho spesielt opprørt av å sjå korleis flyktningane skal verte husa.

Leiar for mottaket: – Det blir bra

Are Sckancke Andreassen er leiar for flyktningmottaket. Han seier at han er klar over at mottaket ikkje er heilt klart til å ta imot flyktningar enno. Det har nemleg ikkje vert nokon der på to år.

Det vart gjort hærverk på bygget etter at asylmottaket på Tverlandet blei lagt ned i 2020, fortel Andreassen. Difor er det travelt no.

– Det har låge heilt brakk. Vi er så i rute som det går an å vere på så kort frist.

Mottaket fekk nemleg vite at dei skulle ta imot flyktningane for få dagar sidan.

Vasslekkasjen som ekteparet siktar til kjem av at dei skrudde av vatnet då mottaket vart stengt for to år sidan. No kjem fagpersonell for å rette på det.

Leiaren har sett at fleire innbyggarar har kome for å inspisere lokalet før flyktningane kjem. Han meiner dei ikkje bør uroe seg.

– Eg er ikkje bekymra. Vi har sette alle klutar til, seier han.

– I morgon kjem fleire tilsette og frivillige frå lokalbefolkninga for å hjelpe oss å få det i stand. Vi er like mykje i rute som alle andre.

Men andre folk på flukt blir ikke vist samme hjertelighet

Men andre folk på flukt blir ikke vist samme hjertelighet

UDI: – Tak over hovudet er første prioritet

Ingeborg Grimsmo, kommunikasjonsdirektør i UDI seier at intensjonen er at flyktningane skal ha eit kortvarig opphald på akuttmottaka.

– Første prioritet no er å skaffe tak over hovudet til alle som kjem, seier ho.

– Vil det seie at det ikkje er så nøye korleis standarden er?

– Det er stilt nokre krav, men eit flyktningmottak er ein mellombels stad og akuttmottaka er enno meir mellombelse.

Ankomstsenter Råde

Nett korleis taket over hovudet er, er ikkje så viktig. Ankomstsenteret på Råde er til dømes telt, fortel Grimsmo.

Foto: Joakim Reigstad / NRK

Kommunikasjonsdirektøren seier at flyktningane som kjem frå Ukraina raskt vil bli busett. Det er fordi dei kjem under kollektiv dekning.

Det vil òg vere behov for private bustader for flyktningane. Så snart det er på plass i kommunane meiner Grimsmo dei kan bli registrert og få ein ny, og meir permanent bustad.

Ingeborg Grimsmo

Ingeborg Grimsmo, kommunikasjonsdirektør i UDI seier at einslege mindreårige får eit eige tilbod. Dei kjem ikkje til å vere i akuttmottaka.

Foto: Nora Lie/UDI

Psykolog: Gode samtalepartnarar er viktigare

Nora Sveaass, professor emeritus ved psukologisk institutt ved UiO, meiner det viktigaste vil vere å tilgang på gode folk – ikkje berre tak over hovudet.

– Det er nummer ein i alt krisearbeid, og dette er ein pågåande krise, seier Sveaass.

Men ho er ikkje bekymra for at akuttmottaka ikkje ser så bra ut.

– Så lenge det er brukbart, varmt og folk får tilgang på mat og tryggleik i form av menneske som vil dei vel, trur eg folk kan tole utruleg mykje umalte vegger, seier psykologen.

Nora Sveaass

– Tryggleik er meir enn tak over hovudet. Mellom anna dreier det seg om menneske som vil lytte og gi stønad, seier Nora Sveaass, professor emeritus ved psykologisk institutt ved UiO.

Foto: Milana Knezevic

Ho veit at mange har oppleve mykje usikkerheit, og dei held fram med å kjenne på det fordi familie og vener er i stor fare.

Sveaass har skrive fleire rapportar om helseoppfølging på asylmottak i Noreg. Mellom anna om asylsøkarar om har oppleve tortur.

No håper kommunane vil bruke kriseberedskapsplanane dei laga mellom anna etter 22. juli, til å hjelpe dei ukrainske flyktningane i krise.

Les også Hjelpen ender opp i store søppelhauger på grensen: – Det er nok nå

Et lagerrom stappfullt av flytteesker med ting og tang som skal sendes til flyktningene i Ukraina.

Tverrlandet: – Vil bli mykje å gjere

Tilbake på Tverlandet i Bodø synest Skorstad det er positivt å høyre at flyktningmottaket har planar om å gjere oppgraderingar av mottaket før flyktningane kjem.

Men ho trur framleis det blir mykje å gjere på kort tid.

Flyktningmottak Tverrlandet

– Eg trur ikkje dei får bort all skiten. Listene til dører og vindlar er rotne og det er trekkfullt, seier Skorstad.

Foto: Privat

Skorstad deler oppfordringa til Andreassen om at lokalsamfunnet no må trå til og hjelpe med å få flyktningmottaket på stell.

Det trur pedagogen også vil gjere det lettare for lokalsamfunnet å bli involvert i dei nye innbyggarane.

– Dei har så mykje å gi av kultur og historie og menneskeleg innsikt. Eg trur det vil gjere det lettare å bli kjent med dei.

Les også Hjelpeorganisasjonene har snart samla inn 350 millioner til Ukraina

Anhelina Nechytailo og sønnen