Hopp til innhold

Ukrainske flyktningar har forsvunne: – Norske styresmakter må ta ansvar

Hjelpeorganisasjonar på grensa til Ukraina meiner norske myndigheiter må kontrollere norske sjåførar for å hindre menneskehandel. Norske myndigheiter seier det ikkje er aktuelt.

Jente som har flyktet fra Ukraina

Lokale hjelpeorganisasjonar trur menneskehandel kan verte hindra om norske myndigheiter kontrollerer kven som hentar dei.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

Akkurat no vert det sendt hundrevis av bussar til grensa til Ukraina for å hente flyktningar.

Mange av bussane kjem frå Noreg, og fleire er private aktørar som reiser ned på eiget initiativ.

NRK har tidlegare skrive at mellom anna FN åtvarar mot at dette kan føre til menneskehandel.

FN advarer mot menneskehandel og seksuelle overgrep under flukten fra krigen i Ukraina. Her tilbyr en person ett år med gratis leie av leilighet og mat til unge kvinner på togstasjonen i Krakow.

FN åtvarar mot menneskehandel og seksuelle overgrep under flukta frå krigen i Ukraina. Her tilbyr ein person eitt år med gratis leie av leilegheit og mat til unge kvinner på togstasjonen i Krakow.

No har allereie dei første meldingane om valdtekt og menneskesmugling nådd hjelpeorganisasjonane (ekstern lenke).

– Vi treng ikkje at folk kjem for å leike helt, men at vi får utført arbeidet på ein organisert og ansvarleg måte.

Det seier Shirin Tinnesand, flyktning- og migrasjonskoordinator for organisasjonen Wadi.

Ønsker at norske myndigheiter styrar redningsarbeid

Shirin Tinnesand sit i Krakow og assisterer polske aktørar som koordinerer evakueringa av flyktningstraumen frå Polen og vidare ut i Europa. Ho beskriv situasjonen no som uoversiktleg.

– Ein del av problemet er at Europas største evakuering sidan 2. verdskrig går føre seg på sosiale medium, seier ho.

Folk tilbyr husrom til ukrainske flyktninger som kommer til sentralstasjonen i Berlin 3. mars
Det er nemleg hordar av folk som vil redde flykningar som kjem.
Togstasjonen i Kyiv 4. mars 2022.
Fleire kjem med bussar som dei krev skal bli fylt opp med flyktningar.
Ukrainske flyktninger i Polen
Men før dei kan fylle bussane med flyktningar må dei verifisere sjåføren.
En kvinne tilbyr husrom for ukrainske flyktninger som kommer til sentralstasjonen i Berlin 3. mars.
Faren er nemleg at dei som hevdar dei skal redde flyktningar ikkje har gode hensikter.

Men no er det for mange som vil hente flyktningar. Dei mistar kontroll.

– Eg veit at også nordmenn har kome utan dokumentar, tatt med seg ukrainarar og køyrt tilbake, seier Tinnesand.

Om polske aktørar skal opptre forsvarleg, må dei vite kven sjåføren er. Då treng dei ein ansvarleg part, myndigheitene, som kan ta eit overordna ansvar på vegner av sjåføren.

No ønsker dei at norske myndigheiter skal kontrollere bussar og sjåførar som køyrer ned.

– Ein draumesituasjon hadde vore om myndigheitene tok over. Om dei kunne tatt hovudansvar for transport som skal inn til Noreg er mykje laust. Norske styresmakter må ta ansvar.

Les også Dette er forskjellene på en flyktning fra Syria og Ukraina

Jenter ikled termotepper for å holde varmen

Justisdepartementet: – Ikkje aktuelt

Norske myndigheiter vurderer moglegheita til å etablere ei luftbro for å hente ukrainske flyktningar med fly.

Men hjelpeorganisasjonanes ønske om at myndigheitene kontrollerer sjåførane har ikkje justisdepartementet planar om å innfri.

– Det er ikkje aktuelt for myndigheitene å bidra til å godkjenne bussar som reiser å hente flyktningar på privat initiativ, seier statssekretær Astrid Bergmål.

Astrid Bergmål

Statssekretær Astrid Bergmål peiker på at justisdepartementet er klar over at ein uoversiktleg situasjon med mange private initiativ utgjer stor risiko for både menneskesmugling og menneskehandel.

Foto: Virke

Justisdepartementet rår nemleg allereie private aktørar om å ikkje reise ned.

I tillegg har det ikkje kome førespurnad til norske myndigheiter om å hente flyktningar frå noko land, med unnatak frå Moldova, påpeiker statssekretæren.

– Difor er det heller ikkje naturleg at Noreg hentar flyktningar frå disse landa, ei heller at vi legg til rette for private initiativ, seier statssekretæren.

Om private likevel vel å hente flyktningar, trass i myndigheitenes råd om å ikkje gjere det, må dei få det heile og fulle ansvaret.

Les også Sprekkfulle hoteller hindrer flyktninger husly

Leiligheter og stolheis i Holdeskaret, Hemsedal.

Flyktninghjelpen: – Kan opne for menneskehandel

Også Flyktninghjelpen er uroa for at den private transporten kan opne for menneskehandel.

Becky Bakr Abdulla

Kommunikasjonsrådgjevar i Flyktninghjelpen, Becky Bakr Abdulla, var sjølv på grensa til Ukraina i førre veke. 

Foto: Flyktninghjelpen/Karl Schembri

– Det verka som at dei aller fleste hadde gode hensikter, men det var mange vestlege, unge menn der med private bilar, seier Becky Bakr Abdulla i Flyktninghjelpen.

Ho fortel at dei viste fram passa sine før dei spurte kvinner og barn om dei trong transport vidare.

– Det er klart at det uroar oss. Vi veit frå andre kriser at kvinner og barn på flukt er særleg sårbare og kan bli utsett for overgrep i kaotiske situasjonar som ein masseflukt er.

Aggressive og tvilsame sjåførar

Tinnesand i Wadi mottar tallause førespurnader frå både private og organiserte, frå over hele Europa kvar dag.

Kvar sjåfør må bli sjekka mot landet dei seier at dei kjem frå. Og kvart land har ulike regler.

– Det er eit sinnssjukt arbeid, for å luke ut dei som ikkje kjem med gode intensjonar.

Og det tek lang tid. Koordinatoren fortel at nokre sjåførar kan bli svært aggressive.

– Vi mottar også førespurnader frå private sjåførar som ber om råd til korleis dei kan overtale flyktningar til å sette seg inn i bilen deira.

Shirin Emilie Tinnesand

– Det er frykteleg mange ukrainarar som vi no ikkje veit kvar er, fordi dei har blitt evakuert av private aktørar som ikkje følger noko system, seier Shirin Tinnesand, flyktning- og migrasjonskoordinator for organisasjonen Wadi.

Foto: Lars Schmidt

Dei meiner at det beste hadde vore om landa kontrollerte dette sjølv. Trass i at fleire land har råda mot private initiativ.

– Dette er koordinert evakuering og ikkje ein flyktningkrise. Det må verte handtert slik, seier ho.

– Vi har ikkje berre eit ansvar for å hjelpe, men om å hjelpe på ein forsvarleg måte.

Les også Hjelpen ender opp i store søppelhauger på grensen: – Det er nok nå

Et lagerrom stappfullt av flytteesker med ting og tang som skal sendes til flyktningene i Ukraina.