NRK Meny
Normal

Krev fengsel etter jaktulukka

Aktor krev fengsel utan vilkår for jegaren som er tiltalt for drap på svigerinna si.

Trondenes tingrett

Rettsaka i Harstad mot jegaren som står tiltalt for aktlaust drap mot Bodø-kvinna Lill Aase blir avslutta i dag.

Foto: Nils Mehren / NRK

Torsdag starta prosedyren i rettssaken mot jegaren som står tiltalt for aktlaust drap, etter at han skaut svigerinna si.

36 år gamle Lill Aase frå Bodø omkom av skadane ho fekk etter at ho blei treft av ni blyhagl frå jaktkameraten under rypejakt i Grovfjord i Sør-Troms 11. september 2007.

Ho var på jakt saman med sambueren sin og broren hans, som no er tiltalt for aktlaust drap.

I Trondenes tingrett la aktor Erik Thronæs ned påstand om 60 dagar i fengsel utan vilkår for den tiltalte mannen.

- Straff må speile jaktansvar

Aktor sier saka er tragisk med uheldige omstende. Men han legg vekt på at det var uforsvarleg å skyte som den tiltalte gjorde, og at han ikkje var forsiktig nok.

- Straffa må også speile ansvaret for å drive jakt, sa aktor Erik Thronæs i tingretten torsdag.

Statsadvokat i Nordland, Erik Thronæs

Statsadvokat i Nordland og aktor Erik Thronæs

Foto: Nils Mehren / NRK

Han meiner også at den tiltalte bør miste retten til å drive jakt i fem år framover.

Mannens forsvarer, Tom Ovesen, gjekk for full frifinning av sin klient.

Motstridende forklaringer

Under rekonstruksjonen av ulukka på åstaden onsdag ga brørne ulike forklaringar på kva som skjedde i sambamd med skyteulukka.

Les: Gav ulike forklaringar

Den tiltalte forklarte at han kom frå ei anna retning enn det broren oppga i si forklaring, før kvinna blei skoten. Mannen har heile tida hevda han er uskuldig, og forsvarar Tom Ovesen meiner rekonstruksjonen styrka saka hans.

Dei tre var på veg ned frå jaktområdet då tiltalte oppdaga ei rype som flaksa opp i jaktretninga. Han avfyrte minst eit skot, som traff Lill Åse.

Broren hevdar imidlertid at tiltalte skaut to gongar etter rypa, ein gong i jaktretninga og ein gong mot jaktretninga.

Les: Samboeren endret forklaring

Den sakkyndige jegaren i Trondenes tingrett, Per Emil Hansen, fortalte i går at han ville ha skote på same måte, om forholda var slik som tiltalte forklarte.

Familietragedie

Saken er svært spesiell på fleire måtar. For det første er det ein familietragedie. 36 år gamle Lill Åse ble skoten av broren til sin sambuar. Tiltalte meiner han er uskuldig og sa i retten måndag at det heile var eit grusomt sjokk som han må leve med resten av livet.

- De var mine beste venner, sa tiltalte.

For det andre er det sjeldan jaktulukker hamnar i retten. At den tiltalte og broren har så ulike forklaringar gjer ikkje vurderinga enklare for tingretten.

Saka blir avslutta torsdag, og vil bli oppdatert...

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
Nyhetsreportasje fra NRK.
Hver dag havner store mengder med dårlig renset kloakk rett ut i fjordene våre. En rekke store norske kommuner bryter nemlig rensekravene viser NRKs kartlegging.