Hopp til innhold

Krev erstatning etter butikkbrann

Bodø kommune måtte blant anna sende vassprøver til Tsjekkia for å få dei analysert.

No vil kommunen ha erstatning på minst 200.000 kroner frå Salten Brann, skriv Avisa Nordland.

Det var i mai at Coop Mega-butikken i Rønvika i Bodø blei totalskadd etter ein brann.

Etter brannen meldte fleire bebuarar i området Kleiva og Einmoen om at det var skum i vatnet som kom ut frå kranene.

I den samanheng ba Bodø kommune innbyggarane om å ikkje drikke vatnet.

No ber Bodø kommune om at Salten Brann erstattar dei ekstrakostnadane som blei påført etter brannslokkinga. Dei oppgir kostnadar på overtid og tid nytta av driftspersonell som deltok i å handtere hendinga, analysekostnadar, SMS-varsling og vasstap.

Nødetatene står foran Coop Mega i Rønvika som er i ferd med å brenne ned
Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK