Kevin vert skjelt ut av sinte turistar: – Eg har blitt trua med å bli lagt i ambulanse

Ferjekøane i Nord-Noreg vil ingen ende ta. Det fører til høg temperatur hjå turistane.

Kevin Kaljord

På ferjeleiet står det framleis att trafikk etter at båten er gått. Kevin har fått høyre litt av kvart frå dei reisande.

Foto: privat

– På somme er det høg temperatur, seier Kevin Kaljord.

Han er køvakt på Skarberget, nordsida av den einaste ferja på E6 – i det siste ei svært trafikkert rute.

Times- og kilometervis med kø kan føre til høge temperaturar hjå sommarturistane.

– I fjor var eg billettør, og vart eg trua med å bli køyrd ned av ein tysk trailer. I år har eg blitt trua med å bli lagt i ambulanse, seier Kaljord.

Kevin Kaljord

Kevin Kaljord har ikkje vore køvakt i meir enn ti dagar hittil i sommar, men har fått høyre litt av kvart frå dei reisande.

Foto: Privat

– Kvifor vert folk so aggressive?

– Nei, det er kø og venting. Og gjerne den bilen som akkurat ikkje får plass og må stå att.

Men trass i slike kommentarar går likevel Kaljord sommaren i møte med godt mot:

– Dei plar som regel setje seg i bilen og roe seg ned, so eg trur det går berre bra i år og.

Ferjekø på E6 Bognes

Hanne Monica Storhagen filma ferjekøa på Bognessida på veg sørover på E6.

Båtane går for full maskin

– Eg trur ikkje vi har opplevd noko som dette tidlegare, seier administrerande direktør i Torghatten Nord, Torkild Torkildsen.

Torkild Torkildsen

– Det er viktig at folk har tolmod og berre tek tida til hjelp. Det er jo ferie trass alt, seier Torkildsen.

Foto: Amalie Nygård Jakobsen / NRK

Torkildsen fortel at dei på strekninga mellom Bognes og Skarberget, den einaste ferjeovergangen på E6, gjer alt dei kan.

Dei har tre ferjer i drift og har fjerna alle restriksjonar på passasjertalet som vart pålagd under pandemien.

– Alt som er av ferjemateriell i Nord-Noreg er i drift no.

Torkildsen forklarar at dei har hatt eit tilsvarande problem på Helgeland, og at dei har sett alle klutar til å få bukt med mengda turistar på vegane i nord denne sommaren.

– Vi køyrer absolutt maks, seier Torkildsen

Nokre råd til dei reisande

Før helga hadde Kevin Kaljord ein kronikk i VG der han gav tips til dei reisande som var tenkt seg på ferja. Han summerer dei relativt kort opp med: ta det roleg!

– Berre ver tolmodig. Det å stresse eller bli irritert hjelp korkje deg sjølv eller nokon andre. Det kjem deg ingen veg, seier Kaljord.

Til avisa Vesterålen Online gav styrmann om bord på ferja Barøy, som trafikkerer sambandet Lødingen-Bognes, Bjarte Andersen, eit til råd.

– Om ein har moglegheit til å køyre tidlegare på morgonen eller seint på natta, so er det god plass då, sa han til avisa.

Sjølv skal Kaljord straks på nokre pausedagar, men han er klar på korleis han trur resten av sommaren vil sjå ut.

– No når utanlandske turistar får komme i tillegg trur eg det vert eit varig trykk i fleire veker, om ikkje ein månads tid, seier Kaljord.