Hopp til innhold

Kontroll på brann i bustadhus

Eit bustadhus på Karles veg i Sortland står i brann. Politiet evakuerer nabobygga og brannvesenet har no kontroll på situasjonen.

karles vei

Flammane herjar framleis, men brannvesenet seier dei har kontroll på situasjonen.

Kjelder på staden fortel NRK at det gjekk flammar opp eine sida av huset, og at brannvesenet har starta sløkkinga.

– Familien er ute av huset. Der bur to vaksne og fire born i bygget, men ungane skal vere i barnehagen og foreldra er ute, seier operasjonsleiar hjå Politiet, Jon-Inge Moen.

Laster Twitter-innhold

– Vi har evakuert fem hus grunna røyken frå brannen. Det breier seg nordover mot sentrum, seier Moen.