Hopp til innhold

Kongeparet kryssar av seks nye kommunar – no manglar dei berre 17

Kongeparet nærmar seg målet om å besøke alle kommunane i landet. Men i Beiarn i Nordland må dei smørje seg med tolmod.

Kongeparets på fylkestur i Møre og Romsdal

FLEIRE KOMMUNAR: Kong Harald og dronning Sonja er eitt steg nærare å besøke alle kommunane i landet. Her er han på førre fylkestur i Møre og Romsdal i fjor, som er eit av fylka der kongeparet har besøkt alle kommunane.

Foto: Lise Aaserud / NTB

Kongeparet har alltid hatt ein plan om å besøke alle 356 kommunane i landet.

– Eg veit ikkje om vi klarar det, men ein plan har det vore frå starten.

Det sa kong Harald etter den siste fylkesturen med offisielle besøk i Møre og Romsdal i fjor.

I dag manglar kong Harald og dronning Sonja 23 kommunar for å nå målet. På måndag er det Nordland som står for tur og dei kan krysse av seks nye kommunar på lista.

Då har kongeparet besøkt alle kommunane i fylket, utanom éin.

Kong Harald og dronning Sonja står foran et bord med bær og frukt i Valldal under fylkesbesøket i Møre og Romsdal

Kong Harald og dronning Sonja får presentert fersk frukt i Valldal under fylkesbesøket i Møre og Romsdal i fjor.

Foto: Lise Aaserud / NTB

Desse kommunane står att

I slutten av april skulle kong Harald eigentleg ha vore på offisielt besøk i Skaun, ein av få Trøndelag-kommunar som kongen manglar på besøkslista.

Det skjedde ikkje, då snøkaos og innstilte fly sette kjeppar i hjula.

Kongeparet jobbar likevel med å få besøkt fleire nye kommunar i år. Når kongeparet no set i gang fylkesbesøket i Nordland, går det i denne rekkefølga:

Hemnesberget sett fra lufta

Hemnes (5. juni)

Kulturstua i Hattfjelldal

Hattfjelldal (5. juni)

Leirosen

Leirfjord (6. juni)

Esøya. Vevelstad

Vevelstad (6. juni)

Oversiktsbilde over Sømna. Innimellom store åkre ligger spredt bebyggelse i landbrukskommunen.

Sømna (7. juni)

Holm i Bindal

Bindal (8. juni)

Etter dei planlagde besøka er det framleis 17 kommunar som står att, ifølge Slottet.

Eit besøk blir rekna som offisielt når ordføraren i kommunen er vertskap.

Her ser du kva kommunar som står att etter kongeparet sitt besøk i Nordland komande veke. Desse er markert i raudt:

Oversikt over kva kommunar kong Harald har besøkt etter årets fylkestur i Nordland.

Kartet er basert på Kongehuset si uoffisielle liste over kommunar som kong Harald og/eller dronning Sonja har besøkt offisielt, eller besøkt i forsvarssamanheng, frå 1958 og fram til i dag.

Kong Harald og dronning Sonja har til saman no besøkt 331 av dagens 356 norske kommunar, ifølge Kongehuset si uoffisielle liste.

Det betyr at dei har besøkt 93 prosent av kommunane.

Og i den einaste kommunen som kongeparet manglar i Nordland, begynner dei å bli utolmodige.

Har invitert kongen til «indrefileten»

– Eg skjønar jo at dei har valt Beiarn heilt til slutt når dei skal besøke alle kommunane og vi er siste kommunen i Nordland. For det er jo indrefileten, seier ordførar André Kristoffersen med eit smil.

Kommunen er kanskje fylkets mest bortgøymde.

Inn i ein lang fjord frå Bodø, over to fjell og ned i ein dal

Kjelling i Beiarfjorden.

– så er du der.

Innlandskommunen i Nordland er kjent som eit fiskeparadis, og har ei av Noregs mest kjente lakseelver: Beiarelva.

Den blir flittig brukt blant dei 1.000 innbyggarane, og er ein stor turistattraksjon.

Den viktigaste næringa er landbruket, og dei seinare åra har dei satsa stort på lokalmat.

– Det har skapt eit miljø. Lefsebaking, sennep- og osteproduksjon, seier Kristoffersen for å nemne nokre.

– Her skal kongeparet både få sjå og smake når dei kjem, forsikrar han, som har hatt god tid til å tenke på kva han vil vise fram:

Først må berre kongeparet godta invitasjonen til Beiarn kyrkje sitt 150-årsjubileum.

– Dei seier vi ikkje skal sjå vekk frå eit besøk, seier Kristoffersen.

Ingen lovnader er gitt, men når ordføraren viser fram kor Kongeskipet skulle ha lagt til kai, er det når dei kjem, ikkje viss.

Les også: Sjå den ruggen: – Det var som ein kval

Storfangst på laks i Beiarelva
Storfangst på laks i Beiarelva

Held motet oppe

Enn så lenge trøystar han seg med at dronninga har vore der i uoffisiell samanheng ein gong før:

– Så ho kan fortelje kongen kor vakkert det er, og det har ho sikkert gjort.

Også tredjeklassingane ved Trones barneskule håpar på eit besøk:

– Ja, det hadde vore fint om dei kom. Men det er litt vanskeleg å få nokon så store folk til å kome hit på ein så liten plass, seier elev Håvard Voll Troli.

Det er i alle fall lite tvil om at ordførar André Kristoffersen er klar for oppdraget som vert for kongeparet.

– Så reknar vi med at når dei har spart Beiarn til sist, så er det Beiarn dei hugsar lengst, avsluttar han.

Les også: Martijn og Chantal fikk tilbud om gratis bolig – valgte Beiarn over Nederland

Nederlandsk familie flyttet til Beiarn da de lokket med ett års gratis bolig.
Nederlandsk familie flyttet til Beiarn da de lokket med ett års gratis bolig.