Ei jul utan klementinar er utenkeleg for mange nordmenn.
Vi skreller og et meir av den søte sitrusfrukta enn nokon gong elles i året.
I 2020 åt kvar og ein av oss om lag 6 kg av den oransje favoritten. I dei 6 til 8 vekene fram mot jul et vi i snitt ca. 5 kg kvar. Den siste halve kiloen et vi resten av året.
Men kva er det eigentleg vi et? Er det mandarin eller klementin?
Du er nok ikkje åleine om å hamne i diskusjon om det.
Det er nemleg ikkje så lett å seie kva som er kva.
Og du skal vakte deg for å vere for skråsikker.
Mandarin i klementinklær
Pia Gulbrandsen, kommunikasjonsdirektør i Bama, fortel at klementinar og mandarinar har vorte veldig like dei siste åra.
– Folk kallar det mandarin og klementin om kvarandre. Det er ikkje så rart at det går litt i surr, for dei liknar veldig, seier ho.
Pia Gulbrandsen, kommunikasjonsdirektør i Bama, seier klementinar og mandarinar har blitt veldig like.
Foto: BamaDet har nemleg vore ein rivande utvikling i nye sortar for både klemeitin og mandarin dei siste 10–15 åra.
Nokon mandarinar har fått klementinanes eigenskapar, sjølv om dei botanisk sett er klementinar.
– Dei gamle mandarinsortane var vanskeleg å skrelle, syrlege og hadde mykje steinar. Dei nye sortane er søte, saftige og lettskrelte. Det forbind vi ofte med klementinen, men likevel er dei mandarinar.
Er det klementinar eller mandarinar vi et?
Det kan vere begge deler.
Klementinar, mandarinar og apelsinar har ulike sessongar. Det er kvifor vi tradisjonelt et apelsin til påske og klementin til jul.
Foto: Opplysningskontoret for frukt og grøntButikkane sel både klementinar og mandarinar, men ikkje på same tid. Det kjem an på når det er sesong for dei to fruktene.
– No før jul er det Clemenules vi bruker. Det er ein klementin vi importerer frå Spania no, og frå Sør-Afrika på sommaren, seier Gulbrandsen.
Men etter jul kan du ikkje vere like sikker på at det er klementin du skrellar.
Då kjem nemleg mandarinane i butikkhyllene.
– For å få fram den beste kvaliteten følger vi sesongen rundt om i verda gjennom året, seier kommunikasjonsdirektøren i Bama.
– Nokon tider på året kan folk faktisk ha rett i at det er ein mandarin dei et.
Sitrus med kinesisk namn
Matfagleg rådgjevar i Opplysningskontoret for frukt og grønt, Toril Gulbrandsen, fortel at småsitrus, som både klementin og mandarin er, kjem langvegs frå. Dei er eigentleg frå gamal kinesisk kultur.
– Mandarinen kom til Europa i 1805, kalla opp etter Kinas statsmenn. Etter kvart vart det dyrka rundt i Middelhavet.
Matfagleg rådgjevar i Opplysningskontoret for frukt og grønt, Toril Gulbrandsen, seier at sitrusfrukt er ein god kjelde til C-vitamin.
Foto: Opplysningskontoret for frukt og grøntMen på 1900-hundretalet dyrka av ein fransk prest, pater Clement i Algerie, fram ein ny variant. Klementinen.
Presten kryssa mandarinen med ein annan sitrus som heiter pomerans. Den nye, søte og steinfrie frukta vart ein favoritt i både Noreg og Europa, fortel Guldbrandsen.
Rågjevaren i Opplysningskontoret for frukt og grønt fortel at sitrus var ein eksklusiv vare i første del av førre hundreår.
Dei aller største gardane i Noreg hadde sine eigne «orangerier» der dei dyrka sitrus då det var ein ekslusiv vare.
Foto: Opplysningskontoret for frukt og grønt– Men etter fri import på appelsinar og klementinar endra det seg. Då blei klementinar eit fast innslag til jul og appelsinar utover vinteren fram til påske, seier ho.
På 60-talet blei klementinen introdusert for den norske marknaden og tok gradvis over meir og meir for mandarinen.
Men dei siste tiåra har det altså vorte dyrka fram nye former for mandarin som er lettare å ete. Difor har vi begge delar no.
Difor: Om du verkeleg skal vere kverulant i diskusjonen om klementin eller mandarin bør du difor lese nøye på sitrusfrukta du kjøpar.
Ta quizen om klementin eller mandarin: