Det sat kommentarfelta i kok i sosiale medium.
På ulike vis ytra folk at dei ikkje meinte at det finst meir enn to kjønn.
Nokre meinte meiningane hennar var eit sjukdomsteikn for verda.
Andre ville heller lage humor av ytringa hennar.
Ravn synest det er fint å prate om kjønnsidentitet, sjølv om ikkje alle er einige.
De har ikkje vore avskrekka av det hissige kommentarfeltet.
– Det er definitivt verdt det. Eg trur det er naturleg å bli møtt med litt motgang når ein kjem med noko nytt. For min del gjer det at eg står tryggare i meg sjølv.
Frykt for å sjå det same i seg sjølv
Agnes Bolsø, Professor Emerita ved NTNU har skrive både bøker og artiklar om transeksuelle, homofile og andre som ikkje definerer seg innanfor dei tradisjonelle kjønnsnormene.
Ho forklarar at det er fleire grunner til at folk vert sint når nokon seier dei er ikkje-binære.
Nokon vert sinte fordi dei meiner det ikkje finst forsking til å byggje det på. Andre for måten det påverkar samfunnet.
Agnes Bolsø, Professor Emerita ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar ved NTNU har lenge arbeidd med kjønnsdebatten.
Foto: NTNU / NRkMen Bolsø trur òg ein må sjå i medvita til oss menneske for å finne den ei djupare årsak.
– På eit djupare, og ubevisst nivå råkar det ved kjønnsordenen vi har med to kjønn: kvinne og mann.
Ho meiner at for mange har dei to kjønna stått stødig gjennom livet og vore med å gi orden til verdsbildet.
– Det at nokon råkar ved det, gjer folk utrygge og urolege på eit meir essensielt plan. Då blir det openbert at alle kan vere slik, seier Bolsø.
Folk blir med andre ord redd for å kjenne igjen det same i seg sjølv.
– Minner om religion
Blant dei som stiller seg kritisk er Anne Kathrine Kalvig ved fakultet for utdanningsvitskap og humaniora i Universitetet i Stavanger og religionsvitar.
Oppdatert klokka 10:07: NRK har i etterkant av publisering av denne saka blitt gjort oppmerksam på at Kalvig også er sentral i organisasjonane Womens Declaration International og Women Human Rights Campain. I sistnemnde som nestleiar.
De hevdar de er ein internasjonal interesseorganisasjon som jobbar for å bevare kvinners kjønnsbaserte menneskerettar.
Kalvig har blant anna hevda i ein kronikk i Aftenposten at Store norske leksikon formidlar propaganda om kjønn (ekstern lenke).
Ho seier til NRK at det å kalle seg ikkje-binær er ein påstand om ein indre oppleving.
– Det minner på mange måtar om religion. Det kan ikkje kan bli bekrefta av empirien, men er i staden noko ein må tru på, seier Kalvig.
Om vi går bort frå to definerte kjønn hevdar ho det ikkje berre vil påverke språket, men også juss og datainnsamling til dømes til medisinvitskap og politikk.
På sikt fryktar professoren at det kan ta vekk årevis med forskingsgrunnlag om forskjellar mellom kjønna, og setje rettane til kvinner på spel.
– Det dreier seg ikkje om å vere for eller imot mangfald og inkludering.
– Ein skal ta unge menneske på alvor, men det er ikkje det same som å umiddelbart bekrefte dei ideane dei unge får bekrefta på internett.
Nokon foreslo i kommentarfeltet at Ravn hadde personlegdomsforstyrringar i staden.
Kritikken prellar av
Tilbake i Bodø er Ravn takksam for at dei fekk høve til å vere ein talsperson for LHBT-rettar.
– Eg føler ein stoltheit for å vere ei stemme i media for dei som treng nokon å støtte seg på.
19-åringen har mellom anna fått tilbakemelding frå tidlegare klassekameratar som er glade for at dei tok opp tema.
– Mange kjenner seg igjen og synest det er lettare å prate om det etter at eg gjekk ut i media, seier Ravn.
Andre takka Ravn for at dei sto fram og fortalde si historie.
Nokon av dei som kommenterte i kommentarfeltet prøvde å finne plass til pronomen «dei» i eiga dialekt.
– Blir du skremt av dei stygge kommentarane i kommentarfeltet?
– Eg er ikkje redd for kritikk og kommentarar. Det prellar av fordi eg er blitt så trygg i eigen identitet. Ingen får fortelje meg at det ikkje betyr noko.
Vil du høyre meir om kjønn og kjønnsidentitet? Då kan du lytte her:
Har du nokon gode tips eller innspel til saker eg bør sjekke ut? Tidlegare har eg skrive saker om mellom anna mysteriet om sjøkabelen som forsvann, Coops nye gigantpakkeri, sjøfugl som forvinn frå Lofoten og at norsk garn ikkje er av norsk ull.