Nicholai (24) fekk kjempekveite på over 2 meter: – Det var heilt kaos

Ei kjempekveite sat på kroken ved Å i Lofoten. Men fiskaren fekk berre symje med kveita. Ho hadde nemleg vore giftig å ete.

Nicholai Skar fik en svær kveite på kroken. Da måtte han bare hoppe uti.

Nicholai Skar fekk ei diger kveite på kroken. Då måtte han berre hoppe uti.

– Eg er framleis støl i bicepsen, seier Nicholai Skar.

Han er frå fredrikstad, men denne veka var han på tur med faren til Å i Lofoten.

Dei slong seg med ein vennegjeng i siste liten. Det skulle dei verte veldig glade for.

Kjempekveite Å i Lofoten

Ei kveite på 2,25 meter vart fangsten til 24 år gamle Nicholai Skar.

Foto: Nicholai Skar / Privat

– Eg hadde eigentleg tenkt til å få ein steinbit, så eg kasta snøret i botna. Plutseleg forsvann det og lina berre hyla, seier Skar og fortset:

– Det var heilt kaos. Eg ropte ut og bad dei andre hjelpe meg. Så måtte vi berre køyre båten etter, for det var så tungt og stort at vi ikkje hadde sjanse til å halde igjen.

Bade med dronninga

Dei køyrde etter fisken ei god stund før han låg roleg. Då kunne dei begynne med å sveive sakte opp. Etter nesten ei time låg kveita ved sida av båten.

– Eg hadde sagt tidlegare at om eg fekk ei kveite på over 2 meter så skulle eg bade, fortel fredrikstadmannen.

Kveitefiske Å i Lofoten

Skar og kameratane drog ut på fisketur tidleg på morgonen då dei fekk kjempekveita.

Foto: Nicholai Skar / Privat

– Så kom det jaggu meg ei svær dronning frå havets djup, og då måtte eg berre ut å bade.

Nicholai hoppa i vatnet. Kveita var 50 cm lengre enn Nicholai og vog nesten det dobbelte av han.

Så slapp han kveita fri.

På Å er det nemleg ikkje lov til å ta opp fisk som er større enn 1,5 meter. Andre stader i landet er det lov til å ta opp kveite som er opp til 2 meter store.

Men kvifor er det slik?

– Det har med å gjere at dei er gamle.

Det seier Birgitta Norberg, forskar på reproduksjon og utviklingsbiologi i Havforskingsinstituttet.

Toppen av næringskjeda

– Kveite er ein toppredator. Det vil seie at ho sit på toppen av næringskjeda og har ete mykje fisk i lang tid. Difor kan ho innehalde mykje miljøgifter, fortel forskaren.

Nokon stoff i fisken som kveita et vert lagra i lever og musklar.

Med tida vert desse stoffa giftige for menneske.

Stoffa i fisken som kveita har ete inneheld tungmetall. Når metalla er konsentrert nok vert dei farlege.

– Det same gjeld med mange andre fiskar på toppen av næringskjeda.

Ei kveite på over 2 meter er ganske uvanleg, fortel Norberg. Kveita veks sakte, og det har aldri vore mange av dei.

Nicholai Skar med kveite på 2,25 meter

Det er ikkje uvanleg å ta bilde av kveita når ein ikkje kan ta ho opp i båten.

Foto: Privat

– Etter kvart som dei vert fiske opp vert det færre.

Kveita var altså gamal fordi ho er stor, men akkurat kor gamal er vanskelegare å seie.

– Det er umogleg å seie kor gamal kveita er når ho er ein villfisk – ho kan godt vere både 30 og 40 år gamal, seier havforskaren.

Dei største kveitene er også hokjønn. Dei kan få ungar. Difor er det viktig å ikkje ta dei største, meiner fiskaren Nicholai Skar frå Fredrikstad.

Bursdagsgåve

For han var det ikkje eit stort tap å måtte sleppe kveita fri. Dei hadde meir enn nok fisk frå før, som dei tok med seg heim i isoporkassar.

Skar fylte 24 år berre to dagar etter den store opplevinga. Han tenkjer den store opplevinga som ei for tidleg bursdagsgåve.

Nicholai Skar med kveite på 2,25 meter

– Eg hadde sagt tidlegare at om eg fekk ei kveite på over 2 meter så skulle eg bade, seier Nicholai Skar.

Foto: Privat

Badestunda med havets dronning kjem han ikkje til å gløyme.

– Eg kjente meg veldig liten. Hadde eg stukke hovudet inn i kjeften hennar som hadde ho greidd å sluke heile hovudet mitt utan problem.