Hopp til innhold

Kjedekollisjon på E6

Ei farleg forbikøyring førte til store materielle skader på E6.

Ingen vart alvorleg skadde etter to trafikkuhell på E6 ved Laksforsen i Grane i går.

I den fyrste ulukka enda fire bilar i ein kjedekollisjon då den fyrste bilen stansa for ei farleg forbikøyring i motgåande køyrefelt.

Stakk av

Den raude bilen som stod bak forbikøyring raste av garde, medan føraren av den framste bilen vart sendt til legesjekk.

Politiet på Helgeland fekk melding om ulukka klokka 16.20. Dei var knapt ferdige med oppryddinga då den neste meldinga kom inn.

Born (1) til sjukehus

For kort tid etterpå køyrde ein mann i 20-åra inn i ein bil med campingvogn i same område. Passasjerane i den framste bilen, ein 40 år gammal mann og eit eitt år gammalt born, vart sendt til legesjekk etter ulukka.

Politiet opplyser at det vert oppretta sak på denne ulukka.