NRK Meny
Normal

Kina opnar for lakseimport etter tre år med isfront

I tre år har Kina nekta å ta i mot norsk laks frå fleire fylke. No opphevar dei restriksjonane etter lang tid med diplomatisk uro.

Norsk laks på fiskemarket

NORSK LAKS I KINESISK IS: Det er tre år sidan laks frå midt- og nordfylka fann vegen til kinesiske frysediskar. No er det i ferd med å endre seg.

Foto: Colourbox.no

– Eg er veldig glad for at vi no får ei opning til Kina att, seier Merete Kristiansen, kommersiell direktør hjå Nordlaks.

I 2010 fekk menneskerettskjemparen Liu Xiaobo Nobels fredspris. Det førte til eit iskaldt forhold mellom Noreg og Kina, som protesterte på prisutdelinga. I 2015 innførte Kina eit importforbod på laks frå Sør-Trøndelag, Nordland og Troms, fylke som er heim for fleire lakseeksportørar. Dei meinte fisken frå desse fylka var utsett for fiskesjukdommar dei frykta.

No er forholdet mellom Noreg og Kina betra, og i dag informerte Nærings- og fiskeridepartementet at forbodet er heva.

– Dette er ein ny milepel på vegen inn i den kinesiske marknaden og ei kjempegod nyheit for sjømatbedriftene våre, seier fiskeriminister Per Sandberg i ei pressemelding.

Per Sandberg

NØGD: Igjen kan norsk laks frå midt- og nordfylka seljast til den store marknaden i Kina. Fiskeriminister Per Sandberg er nøgd med utviklinga i saka.

Foto: Fiskeridepartementet

– Viktige oppdrettsfylke

Dei siste åra har Sør-Trøndelag, Nordland og Troms stått for over 40 prosent av den totale norske lakseproduksjonen. Med kring 500 000 tonn produsert er det stor sjanse for at opning til Kina att vil auke eksporten, meiner oppdrettsnæringa.

– Landet har ein godt betalande marknad med aukande kjøpekraft. Ein stor del av norsk fisk kjem til å finne vegen til Kina framover, seier Kristiansen.

Merete Kristiansen

FEKK KONSEKVENSAR: – Vi byrja bygge ein god marknad i Kina i 2015, men so stoppa det heilt opp. Vi mista kundane våre og det er klart det påverka selskapet, seier Merete Kristiansen i Nordlaks. No vonar ho selskapet igjen ta til å eksportere til Kina.

Foto: EFF

Framtida er enno uviss

Men sjølv om forbodet er oppheva av Kina, kan ikkje eksporten ta til att med det same. Enno står dei enkelte bedriftene, mellom anna Nordlaks, på ei svarteliste i Kina. Kvart enkelt selskap må godkjennast før det kan bli snakk om å plukke opp att handel.

Nordlaks har enno ikkje fått vit på kva som skal til for å oppfylle krava til Kina, men reknar med å bli godkjend.

– Vi har allereie fått nokre førespurnadar frå tidlegare kundar, so vi ser fram mot å starte opp igjen i aust, seier Kristiansen.