Hopp til innhold

KI kan allereie lage musikk som er vanskeleg å skilje frå musikk av menneske

Allereie om få år vil vi kunne ha KI-musikk på hitlistene. Musikarane er likevel meir uroa for anna enn jobbane sine. Det held KI-forskar med dei i.

Magnus Eliassen, musiker i Bodø, sitter i et studio. Han har sort t-skjorte, langt mørkt hår og skjegg. Han prater til noen til venstre i bildet og gestikulerer med hendene.

Musikar Magnus Eliassen trur ikkje kunstig intelligens vil gjere at folk sluttar å spele musikk. Men allereie no kan kunstig intelligens lage musikk som nesten ikkje er mogeleg å skilje frå menneskeskapt musikk.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

I eit studio i Bodø står musikarane Magnus Eliassen kollegaen Aksel Bakke.

Magnus Eliassen er kjent frå mellom anna Sirkus Eliassen og hitar som «Hjem til dæ» og «Æ vil berre dans», i tillegg til å vere soloartist under eiget namn.

Det er ikkje den første dagen dei er her. Dei har jobba i fleire månadar med å få ferdig ny musikk.

– Nokre idear har eg brukt ti år på å gjere til låtar, seier Eliassen.

Musikerne Magnus Eliassen og Aksel Bakke står og snakker sammen i et studio i Bodø. Eliassen har dongeribukse og sort t-skjorte. Bakke har lys bukse, brun rutete skjorte og rød t-skjorte.

Musikarane Magnus Eliassen og Aksel Bakke i Bodø har begge brukt KI for å forenkle tekniske prosessar i komponeringa. Dei er ikkje interessert i å bruke det til kunstnariske val.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Men no kan musikktenester av kunstig intelligens (KI) lage fullstendige låtar i fleire sjangrar, med musikkinstrument og vokal med tekst.

På ein heil låt bruker KI få minutt.

– I kunstig intelligens sin barndom trudde ein kunst var noko av det siste KI ville klare å ta over. No ser det ut til at det er noko av det første dei etterliknar ganske nært, seier Bakke.

KI-forskarar både frå musikkverda og teknologiverda seier KI har kome for å bli.

Men det er ikkje KI i musikk dei er mest uroa for.

– Følast ikkje ekte

Musikarane høyrer ei låt som kunstig intelligens har laga til dei, berre ved at journalisten skreiv inn ei setning på nettstaden udio.com:

Lag ei song om to musikarar som er redd for at KI skal ta over jobbane deira

Setning til setningsgenerert KI-muskk

– Det høyrest ut som om nokon har sete seg ned og laga ei låt på ei bestilling, seier Eliassen.

– Det følast ikkje som om det kjem frå ein ekte stad eller ein ekte kjensle.

Slik høyrast låten som KI tenesta udio.com laga om dei to musikarane som var redd for å miste jobben sin ut.

Sjølv om dei er imponerte over lyden til både dei genererte musikkinstrumenta og vokal, synest dei det lét generisk.

– Ein høyrer at det ikkje er musikarar som har hatt det artig med å lage dette. Det er ingen menneske som har funne fram til noko nytt, legg Bakke til.

Les også KI-stunt i Debatten – klarer du se forskjell?

To personer står ved siden av hverandre i Debatten-studioet. Begge ser ut som Fredrik Solvang - de har begge på seg dress og står med hendene foldet foran magen. Personen til venstre er litt høyere - ellers ligner de.

KI på hitlistene om få år

Men for musikarar har kvardagen endra seg allereie lenge før KI.

Frå dei store strøymetenestane som Spotify kom på plass på starten av 2000-talet har nemleg store mengder med musikk blitt tilgjengeleg for alle.

Bakke trur vi allereie om få år vil ha KI-musikk på hitlistene.

– Det kan skje allereie i morgon, men eg trur ikkje vi kjem til å slutte å spele musikk for det, seier han.

Magnus Eliassen, musiker i Bodø, sitter i et studio. Han har sort t-skjorte, langt mørkt hår og skjegg. Han prater til noen til venstre i bildet som har rødlig skjegg og ikke er i fokus.

– Når det er så mykje musikk tilgjengeleg set ein kanskje mindre pris på det. KI gjer kanskje at fleire set mindre pris på musikk, meiner Magnus Eliassen i Bodø.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Likevel trur dei ikkje musikarane er dei som blir mest ramma av KI sin frammarsj.

– Eg trur dei som lagar vignettar, musikk til dataspel, bakgrunnsmusikk eller reklamemusikk, ligg dårlegare an i vår bransje, seier Bakke.

Han legg til at dei som miksar og mastrar musikk også kan måtte sjå seg om etter ny jobb etter kvart.

Aksel Bakke står i et studio i Bodø. Han har lys bukse, brun rutete skjorte og rød t-skjorte, og rødlig skjegg, og snakker med noen lenger inne i studio. I forgrunn er et opprigget piano, i bakgrunn er høyttalere og en datamaskin.

Aksel Bakke har som produsent laga fleire låtar med artistar. Frå idé til ferdig innspelt låt brukar han vanlegvis mellom 30 og 50 timar. Det er til stor skilnad frå kor lang tid KI bruker på å lage ei låt.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Lars Monstad jobbar ved RIMTO-senteret på UiO. Dei bruker KI mellom anna til å skrive notar få gamle opptak av hardingfele.

Same teknologi har dei tenkt til å bruke for å la KI beskytte og oppdage rettigheiter til låtar.

Han trur til dømes dei som lager russelåtar står i fare for å bli utkonkurrert.

En person drar opp spaker på et miksebord i et studio i Bodø.

Monstad ved RITMO-senteret ved Uio trur KI-assistentar vil bli bygd inn i musikkprogram, slik at dei kan hjelpe med dei tekniske innstillingane. Det kan gjere musikaryrket meir, og ikkje mindre kreativt, meinre han.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Alle musikarar bør begynne å test Ki og førebu seg på korleis KI kjem til å påverke musikkbransjen og dei sjølv, seier Monstad.

Andreas Bergsland forskar på musikk og kunstig intelligens på NTNU.

En lys fendergitar står i et studio i Bodø.

Andreas Bergsland, professor i Bodø, er uroa for at utviklinga i KI kan gjere at færre unge er interessert i å lære sei eit fysisk instrument.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Han fortel at det denne våren har kome to KI-verktøy som lagar musikk ut ifrå ei setning; Udio og Suno. Enno ein KI-teneste som lagar musikk av tale, Elevenlabs, er rett rundt hjørnet.

– Sjølv om lydkvaliteten i dag er dårlegare enn det ein får på strøymetenestane, i alle fall for trente ører, er det ikkje lenge før kvaliteten er heilt på høgda, seier han.

Les også «KI-angst» hos studenter: – Bekymret for å bli tatt i juks

Oline Sæther i Norsk studentorganisasjon

Trur KI vil tvinge fram raskare avgjerd

Men ka med våpen og krig?

Torgeir Waterhouse har jobba med it og it-politikk i Forbrukarrådet og IKT-Noreg i meir enn 20 år.

Mykje kan gå episk til helvete, men slik har det vore veldig lenge

Torgeir Waterhouse KI-ekspert

Han peiker på at som med atomvåpen, er kunstig intelligens framleis avhengig av kva handlingar menneske vel å utføre.

– På kort sikt er eg meir bekymra for at vi får for mykje hindringar på grunn av frykt. KI kan bli brukt til like mykje positivt som negativt.

Torgeir Waterhouse, partnar i rådgjevingsselskapet Otte

Torgeir Waterhouse som no jobbar i Otte som er ei teneste som gir råd i å både forstå og handtere ny teknologi i samfunnet.

Foto: Hans Kristian Thorbjoernsen / Hans Kristian Thorbjoernsen

– Korleis veit vi at vi set nok føringar?

– Det veit vi ikkje, men det må vi erfare. Samanlikna med teknologiutvikligsfasene vi har vore igjennom før, er dette i mykje større grad uføreseieleg.

Waterhouse trur det vil påverke byråkrati og papirmølla. Altså at vi blir nøydde til å ta avgjerder raskare.

– Vi må seie ja til noko raskare med større usikkerheit for om det er riktig, og vi må tørre å gjere om avgjerder etterpå om det viser seg å ikkje vere rett.

Kva seier andre ekspertar om tema?

Inga Strmke
NTB

Inga Strümke

KI-ekspert Inga Strümke håpar musikarne i Bodø har rett.

– Maskiner kan framleis ikkje erstatte menneskelegheit.

Det ligg føre eit endeleg utkast for eit nytt EU-direktiv der det er sannsynleg å tru at det blir eit krav om å opplyse om KI-genererte tenester og produkt i EU.

– Dette er noko som sannsynlegvis kjem til å endre samfunnet mykje. Difor er det viktig å vere observant på det, seier Strümke.

ar Erdem er komponist og gitarist ved UiO. Han utviklar musikk saman med kunstig intelligens. Han har mørkt hår mørke auge og sort tskjorte.
UiO

– Ingen fare for å bli utkonkurrert

Çağrı Erdem er komponist og gitarist ved UiO. Han utviklar musikk saman med kunstig intelligens.

Han meiner musikarar og menneske generelt bør nærme seg teknologiane med eit våke blikk.

– Eg ser derimot ikkje ein fare for at menneskelege musikarar vil bli utkonkurrert av KI. I staden vil musikkproduksjon utvikle seg og nye praksisar som involverer samarbeid mellom menneske og KI vil oppstå.

Andreas Bergsland professor i musikk ved NTNU. Han har mørkt kort hår og kort skjegg blå øyne og blårutete skjorte. Han står framfor ein grå vegg.
NTNU

– Nokon snakkar om ein KI-bias

Andreas Bergsland, forskar på musikk og kunstig intelligens på NTNU. Han kartlegg KI og musikk.

Forskinga viser at særleg musikarar er generelt skeptiske til KI.

– Nokon snakkar om ein KI-bias. Det betyr at folk føretrekkjer musikk dei veit er laga av menneske.

Difor trur han ikkje det er lenge før ein er nøydd til å merke musikken, slik at det kjem fram om det er laga av menneske eller maskin.

Meir enn berre ei låt

– Men har det eigentleg noko å seie om musikken er laga av menneske eller maskin?

Ikkje nødvendigvis for alle menneske, meiner Bakke og Eliassen i Bodø.

– Dei aller fleste bryr seg ikkje om korleis musikken blir laga, på same måte som dei ikkje bryr seg om korleis maten blir laga, seier Bakke.

Likevel er det nokre felt der menneske framleis har overtaket.

Magnus Eliassen speler ein låt han har brukt nesten ti år på, frå han først fann ideen. Det er i kontrast til KI-tenestar som Udio og Suno som no lagar heile låtar på få minutt.

– Det å høyre på musikk handlar òg om å bli kjent med ein musikar eller eit band. Det får ein ikkje med KI ennå iallfall, seier Magnus Eliassen i Bodø.

Men kanskje i framtida? Kunstig intelligens har nemleg lært seg å lage musikken ved å analysere musikken menneske har laga. Menneska har laga musikken ved å la seg inspirere frå andre menneske.

– Skilane mellom kva som er kunstig intelligens og organisk intelligens er eit stort filosofisk spørsmål, seier artisten i Bodø.

Musikerne Magnus Eliassen og Aksel Bakke står og snakker sammen i et studio i Bodø.

Musikarane i Bodø trur KI kan gjere at folk bli meir interessert i folk som er veldig interesserte i å høyre menneske som er flinke til å spele instrument, såkalla virtuosar.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Les også Tinder-pakke skal gjøre deg penere: Ekspert sier bilder er avgjørende

ai Sondre