Hopp til innhold

Kan sentralisering redde Nordland?

BODØ (NRK): Næringslivet slår alle rekordar, men folketalet i Nordland har nesten stogga opp. Nokre meiner eit sterkare fylkessentrum kan vere ei løysing.

Erlend Bullvåg

OPTIMISTISK: Erlend Bullvåg ser lyst på Nordland si framtid, men nokre grep må gjerast.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Me må jobbe hardare for å skape jobbar for dei med høg utdanning i byar. Det er der dei samlar seg i sør, og det er der dei samlar seg i nord.

Erlend Bullvåg er prosjektleiar for Indeks Nordland og dekan på handelshøgskulen ved Nord Universitet.

– Det viktigaste me kan gjere er å lage arbeidsplassar som passar til det kompetansen ungdommen skaffar seg, slik at me har noko å lokke dei attende med, seier Bullvåg.

Print

BÅDE GODT OG DÅRLEG: Den årlege rapporten Indeks Nordland syner fram både gode og dårlege sider ved næringslivet i Nordland.

Foto: Illustrasjon / Indeks Nordland

Dekanen peikar på Tromsø og Trondheim som dømer på sterke fylkessentrum.

– Det er klart at Nordland står ovanfor ein annan geografi, og at ein kanskje bør ha fleire drivkraftige senter, men at Bodø er naturleg å satse på, trur eg nok eg kan sei, legg han til.

– Distrikta har livets rett

– Kombinasjonen mellom by og land er viktig for fylket. Utan levande distrikt greier ein ikkje skape nye verdiar, seier Svein Eggesvik, leiaren i Nordland Senterparti.

Svein Eggesvik

VIL HA LEVEDYKTIGE DISTRIKT: Fylkesleiaren i Senterpartiet fryktar sentralisering meir enn å sjå på det som betring for fylket.

Foto: Senterpartiet

– Me er særs positive til at det går bra med industrien, men me har ikkje tru på at eit styrka senter på distrikta sin kostnad vil gagne Nordland i det lange løp, seier Eggesvik.

– Får ein store senter, får ein òg mykje byråkrati, og det trur me ikkje at me er tent med, seier fylkesleiaren.

Næringslivet har eit visst ansvar

– Den tidlege fasen i karrieren er nøkkelen, så der bør bedriftene i Nordland vere endå flinkare enn dei er i dag til å hanke inn studentar, seier Erlend Bullvåg.

–Til dømes utdannar universitetet mange ungdommar som ikkje finn ein arbeidsmarknad for sine felt i Nordland, og då er det naturleg at andre byar og fylke får desse ressursane, legg han til.

Cellegift overdose

EIN MOGLEG START: Bullvåg ser til helseindustrien som ei mogleg plattform å satse på, om Nordland ynskjer å få unge til å busetje seg.

Foto: Marit Garfjeld / NRK