Vil selje buss, ferjer og hurtigbåter

Hurtigruten vurderer å selje hurtigbåt- , buss og ferjeverksemda for å betre økonomien i selskapet.

MS Polarlys

Underskotet i Hurtigruten får truleg konsekvensar for styret på møtet i generalforsamlinga i Narvik i dag.

Foto: Atle Markeng / NRK

Underskotet i Hurtigruten ASA har vokst til 600 millionar kroner dei tre siste åra. I dag vedtok generalforsamlinga i skjebnemøte.

No kan løysinga for selskapet bli å selje ut delar av verksemda. Administrerande direktør, Olav Fjell varsla tøffe omstillingstiltak under generalforsamlinga i Narvik i dag.

Selskapet vil satse knallhardt vidare på hurtigrutedrifta, og spesielt på cruiseskipet MS "Explorer", som kan gå i arktiske strøk.

- I prinsippet skal alt anna være til sals, opplyste Fjell. Det betyr at selskapet kan selje hurtigbåt- , buss og ferjeverksemda for å betre økonomien i selskapet.

Selskapet vurderer også å selje eitt av hurtigruteskipa bygd på 90-talet.

Skrekkeleg utvikling

I februar i fjor var børskursen til Hurtigruten på 65 kroner. I går blei aksjen omsett til 34 kroner. Dette betyr at selskapet sin verdi nesten er halvert på litt over eitt år.

Hurtigruten holder krisemøte

Denne utviklinga har gjort aksjonærane irriterte. Ingen av dei tiltaka som har vore gjennomført har til no klart å betre på økonomien til selskapet. Mange aksjonærar meiner styret ikkje har gjort ein god nok jobb.

- I bedriftsforsamlinga vil mange av dei store aksjonærane være representert, og eg er sikker på at det vil bli diskutert.

Det seier konserndirektør i Den norske bank, Leif Teksum, som representerar Hurtigruten sin største aksjonær, og er leiar i bedriftsforsamlinga.

Misnøyen kan føre til at styreleiar Ole Lund og resten av styret blir bytta ut i håp om at det skal få selskapet på rett kjøl.

- Kast hele styret i Hurtigruten

Viktig endring i dag

På møtet i Narvik i dag blir det vedtatt ei endring i vedtektene som vil gjere det mogleg for bedriftsforsamlinga å velje nytt styre etter at generalforsamlinga er avslutta. Teksum meiner det er naturleg at ei endring i styret blir diskutert.

- Eg trur alle aksjonærane er skuffa over resultatutviklinga i Hurtigruten etter fusjonen. Så at det kjem fråsegner om at ein er misnøgd med aksjeverdien, det er eg ganske sikker på.