Hopp til innhold

Kan berre bestille pass kvar tredje månad: – Å få time er som å vinne i Lotto

Passbussen vart oppretta for halvanna år sidan for å bøte på nedlegginga av fleire passkontor. Men i distriktet er dei langt frå nøgd med tenesta.

Politimann med mørkt hår og skjegg bak pleksiglass inne i en stor kvit varebil. På andre siden av pleksiglasset står mor med blå boblejakke og lys hår og ser ned på dottera med langt lyst hår.

PASSBUSS: Politiet køyrer rundt med eit mobilt passkontor i heile Nord-Noreg, men det går tre månader mellom kvart dagsbesøk i nokre av kommunane.

Foto: Lars Bjørn Martinsen / NRK

Kvar tredje månad kjem passbussen på dagsbesøk til Steigen i Nordland.

– Vi har bestilt vinterferie og då må ho ha pass. Det var litt tilfeldig at vi fekk nyss i at det var ein passbuss, og flaks for oss var det ledig time.

Det seier Marion Kristensen, og ser på ned på dotter Oline.

Om passbussen ikkje hadde kome til Steigen denne januardagen måtte ho ha bestilt time i Bodø eller på Fauske. Det er rundt tre timar køyring ein veg.

– Det var eit kjempeopplegg med ryddige og ordentlege forhold, seier ho og er glad for at ho slepp å ta dottera ut av skulen ein heil dag for å ordne pass.

Talet på passkontor vart nær halvert i 2018. Difor vart det for halvtanna år sidan etablert to såkalla «passbussar» i Noreg. Ein i nord og ein i sør.

Men å få ein avtale her er ikkje lett seier folk.

– Som å vinne i lotto

Passbuss-tilbodet er populært, ifølge førstekonsulent i Troms politidistrikt, Sondre Hauvik som jobbar på busskontoret i nord.

– Eg la ut timane i førre veke, og allereie no opplev vi at det er fullt til neste gong vi kjem hit, som er den 27. april. Så det er veldig populært, seier Hauvik.

I løpet av ein dag får mellom 15–20 bestilt pass, men det kan gå tre månadar mellom kvart dagsbesøk i nokre av kommunane.

– Eg skulle ønskje vi hadde kapasitet til å ta inn alle på ein gong, men det er dessverre ikkje mogleg. Vi får kome fleire gongar, seier Hauvik.

førstekonsulent i Troms politidistrikt, Sondre Hauvik

Førstekonsulent i Troms politidistrikt, Sondre Hauvik seier dei lokale er nøgd med passbussen.

Foto: Lars Bjørn Martinsen

– Eg syns dei bør ha det oftare, lengre dagar, eller kanskje to dagar etter kvarandre. Det er jo nesten som å vinne i lotto skal du få ein time her.

Det seier Ellen Gabrielsen. Ho var ein av dei uheldige som ikkje fekk time denne dagen.

– Eg treng pass og ID-kort, for mitt går ut no i januar. Så det hastar litt.

– Det er rett og slett ikkje bra nok

Fleire kommunar meiner at den nyoppretta tenesta ikkje kjem ofte nok til å dekkje behovet, eller er tydeleg nok på kor tid den kjem.

– Det er rett og slett ikkje bra nok slik som det er i dag. For det er ein stor etterspørsel etter pass på denne bussen og det er rett og slett flaks om du klarar å få tak i ein time, seier ordføraren i Steigen Aase Refsnes (SV).

Ordføraren på Hamarøy har sendt eit brev til politimeisteren i Nordland der dei krev hyppigare besøk og betre føreseielegheit.

– Marknadsfør tilbodet betre. Annonsar frekvensen og datoane betre slik at vi kan planlegge. Gjer det meir kjend og føreseieleg slik at vi kan bruke det, seier ordføraren i Hamarøy Britt Kristoffersen (Sp).

Les også Tomme timelister hos passkontorene bekymrer politiet

Venterommet på Stokke passkontor

Ingen planar om fleire bussar

Det er Troms politidistrikt som driftar passbussen i Nord-Noreg. Her har dei fått med seg kritikken frå kommunane.

– Då vi justerte ruta i haust, så auka vi også nærværet i dei kommunane. Og førebels er det positivt teke i mot, seier politiinspektør Stina Bakke Eriksen.

Ho fortel at då dei justerte ruta, auka dei tilbodet med 30 prosent, og det har gitt ei 50 prosent auke i passøknadar.

Politiet sin sølvgrå passbuss.

Sommaren 2021 vart passbussane sette i drift.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Det er vi veldig nøgd med, men vi er på maks på det køyretøyet vi har.

I 2022 tok politiet i mot 6.100 pass- og 3.100 ID-kortsøknadar frå dei to bussane. Per i dag har politidirektoratet ingen konkrete planar om fleire mobile pass- og ID-kontor.

Passbussen har elleve stopp i Troms, seks i Finnmark og fem i Nordland.

– Kvifor har de fleire stoppestadar i Troms- og Finnmark enn i Nordland?

– Vi er kortare på kvart stopp i Troms, også er det litt naturleg at det er fleire stopp her fordi det ligg i midten av ruta. Så vi har stopp på tur nordover og på tur sørover. Men totalt så er vi tolv dagar Troms, 14 dagar i Nordland og 15 dagar i Finnmark, avsluttar ho.