Godt over 4000 publikummarar har delteke på festivalen.
Og det er festivalsjef Knut Kirkesæther svært godt nøgd med.
Strålande festival
- Det har gått strålande. Det har vore meir folk på konsertane enn me har rekna med og budsjettert med. Musikarane har verkeleg kost seg, seier Kirkesæther.
Den femte utgåva av Lofoten Internasjonale Kammermusikkfest vart avslutta med finalekonsert i Buksnes kyrkje i går kveld. Publikumstala er ikkje klare, men alt tyder på at det vert publikumsrekord i år.
- Det ser ut som om me kjem til å passere publikums-tala med 4000 tilhøyrarar, seier festivalsjef Knut Kirkesæther.
Ferdig planlagt
Og neste års kammermusikkfestival i Lofoten er allereie planlagt.
- Den vert i frå 6-12 juli neste år. Alle artistane er på plass med både kjente og ukjente artist-navn, seier Kirkesæther.
Men han vil ikkje seie kven som kjem enno.
- Me har ikkje sikre avtalar med alle enno, men det verkar som Engegård-kvartetten nærast har vorte som eit husband å rekne. Så dei kjem i alle fall til å kome, seier Kirkesæther.
Værøy og Røst
Til neste år skal Værøy og Røst få vere med på festivalen.
- Me satsar på å skaffe ein hurtigbåt med 130 plassar, for å få frakte folk til Værøy og Røst på konsertar, seier Kirkesæther.