Hopp til innhold

Høg energi enda med uavgjort på Aspmyra

Bodø/Glimt møtte topplaget i eliteserien Brann på Aspmyra i dag. Begge lag var svoltne etter poeng og nordlendingane heldt seg godt mot topplaget.

Brann-Glimt 08.07.18

JAMN DUELL: Brann hadde kontroll på ballen, men ikkje spelet. Første halvdel av eliteseriekampen på Aspmyra synte seg å bli ein jamn dragkamp. Andre omgang skulle ikkje bli annleis.

Foto: Ole Dalen / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

"Intens" er nøkkelordet som må ha blitt delt ut i garderobane på Aspmyra før dagens eliteseriekamp. Brann var svoltne på poeng etter førre vekes nederlag då dei vart grusa 4–0 av Molde. Etter berre åtte minutt putta Sivert Heltne Nilsen det første målet mot tolvtemann på tabellen Bodø/Glimt.

Eit kvarter seinare utlikna heimelaget mot bergensarane. Kristian Fardal Opseth drog nytte av Brann si feilpasning og sneik ballen mellom beina på keeper Samuel Radlinger.

Denne første halvtimen la presedens for ein kamp som handla om eit hektisk jag. Bergensarane tørsta etter siger og nordlendingane jakta på utlikning.

Brann mot Bodø/Glimt på Aspmyra

HØG ENERGI: Med ein ballkontroll på 65 % var det Brann som hadde kontroll på lêrkula på Aspmyra i dag. Det hindra ikkje Bodø/Glimt i å bite frå seg mot tabelltopplaget.

Foto: Ole Dalen / NRK

Glimt nekta å gje slepp på håpet

Brann tok føinga på heimebana til Bodø/Glimt med stillinga 2–1. I 60. minutt nikka Peter Orry Larsen ballen i nettet til dei gulkledde. Men nordlendingane jakta trepoengaren og Kristian Fardal Opseth skårar sitt andre mål seks minutt etter.

Stillinga er 2–2 på Aspmyra etter 70 minutt. Publikum skulle ikkje få sjå fleire mål, men fekk ein dramatisk og entusiastisk kamp på Aspmyra stadion.

Dei resterande tjue minutta var prega av gule kort, sjansar og spelarbyte. Det var temperatur på grasmatta då begge lag gav 100 prosent i eit forsøk på å sikre seg tre poeng.

Bodø/Glimt-keeper

BRANN KONTROLLERTE KAMPEN: Bodø/Glimt-keeper Ricardo greidde ikkje måle seg då Peter Orry Larsen nikka inn 2-1-målet for Brann.

Foto: Ole Dalen / NRK

Letta med familien på tribuna

– Det kjenst utruleg godt. Det er jo jobben min ute på bana å skåre mål. Då det har vore lite av, er det godt at det løysnar opp litt. Får håpe eg tek det med meg inn i haustsesongen, seier målskårar for heimelaget Opseth.

– Men du veit jo kva som skal til for å skåre mål; du må ha familien på tribuna. Då skårar du jo alltid.

– Ja, eg må ta meg ein prat med Glimt om å få dei flydd opp til kvar kamp, so kan det hende det blir bra, seier Opseth lurt.

Brann mot Bodø/Glimt på Aspmyra

Sjå biletserie frå kampen på Aspmyra.

Foto: Ole Dalen / NRK

Kampen vart også sendt på NRK P1 frå klokka 18:00: