Hopp til innhold

Ja til snøscooterkjøyring

Miljøverndepartementet seier ja til snøscooterkjøyring i utmark i Fauske og Hattfjelldal.

Snøscooter
Foto: Torje Bjellaas

Dei to kommunane er med i eit forsøksprosjekt der dei sjølv bestemmer reglane for snøscooterkjøyring.

Prosjektet skulle eigentleg avsluttast i 2007. Men miljøverndepartementet seier ja til at dei får halde fram til 2008.

Ordførar, Kjell Eilertsen, i Fauske er særs glad for dette.

-  Dette betyr at snøscooternæringa kan halde fram med å satse på vinterturisme, seier Eilertsen.

 

 

Det er Kommunal- og Regional departementet som tek den endelege avgjersla.