Hopp til innhold

Ja til kraftverk

NVE har gjeve Rendalsvik kraftverk AS løyve til å bygge Reindalsvika kraftverk i Reindalsvikelva i Meløy kommune.

Kraftverket er eit elvekraftverk med ein årleg produksjon på om lag 7,0 GWh, noko som tilsvarer straumbruken til rundt 350 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på ca. 350 meter over ei strekkje på om lag 1050 meter. Røyrgata skal i hovudsak gravast ned.

Utbygginga vil redusere vassføringa i Reindalvikelva.

Det er satt krav til minstevassføring på 40 liter i sekundet om sommaren, og 18 liter i sekundet resten av året av omsyn til det biologiske mangfaldet og den heilskaplege landskapsopplevinga.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptable i høve til allmenne og private interesser.