Hopp til innhold

Ingenting er avgjort på Stortinget

I dag skal Stortinget vedta både kommunereforma og nye regionar. Kommunalministeren er skråsikker på siger, men fleirtalet han har i ryggen er vaklande.

Torsdag 8. juni behandler Stortinget både endringer i kommunestrukturen og ny inndeling av regionalt folkevalgt nivå.

FØLG DEBATTEN: Debatten på Stortinget vert strøyma. Følg alle ordvekslingane her.

– Det er ingen tvil om at mange representantar eigentleg er i mot det som skjer, so eg trur resultatet er ope heilt fram til mål.

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum er optimist like før han går inn til stortingsmøtet der lagnaden til Kommune-Noreg vert avgjord.

Kommunalkomitéen har kome fram til at talet kommunar skal kuttast frå 428 i dag til 354. 10 kommunar skal tvingast saman med andre.

Men komitéen har berre eit knapt fleirtal bak forslaget sitt: berre to stemmer over opposisjonen. Faren for at ein eller fleire representantar kan snu, ulmar i gangane på Løvebakken.

Trygve Slagsvold Vedum i Stortinget

EVIG OPTIMIST: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er evig optimist, og håpar at fleirtalet vender seg mot kommunalkomitéen. Her pratar han med Liv Signe Navarsete under debatten på Stortinget.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Representantar vender seg mot partiet

Også regjeringspartia har reformskeptikarar i sine rekker. Onsdag varsla Ingebjørg Godskesen frå Framstegspartiet at ho ville følgje «eiga overtyding» og ikkje partiprogrammet sitt. Ho vurderer i dag å stemme mot regionreforma, og ho har enno ikkje bestemt seg om kommunereforma.

Til Dagbladet seier Godskesen at ho trur fleire partifeller ynskjer å gjere som ho.

Det er ikkje kommunalminister Jan Tore Sanner frå Høyre nøgd med:

– Eg reknar med at alle partia står ved det dei har skriven under på, seier Sanner.

– Kva tenkjer du om at representantar frå regjeringspartia gjer uttrykk for at dei vil gå i mot dette?

– Det har eg ikkje tenkt å kommentere, svarar Sanner kort.

Jan Tore Sanner og Knut Arild Hareide på Stortinget

SIKKER PÅ SIGER: Kommunalminister Jan Tore Sanner er sikker på at reforma hans vil bli vedteken i dag. Her pratar han med Krf-leiar Knut Arild Hareide. Krf er ein viktig støttespelar for å få gjennom forslaget.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Har tru på reforma

– Dette er ein spanande dag for alle som er opptekne av Kommune-Noreg, seier Helge Andre Njåstad (Frp), leiar i kommunalkomitéen og saksordførar for kommunereforma.

Njåstad er klar over den knappe marginen med berre to stemmer, men har tru på at kommunalkomitéen sitt forslag vil få fleirtal i avrøystinga.

– Det ser ut som at Høyre, Framstegspartiet og Venstre sikrar hovuddelane av reforma, seier Njåstad.

– Men er du heilt sikker på at reforma kjem til å gå gjennom i dag?

– Det står att å sjå, men eg har trua, seier Njåstad optimistisk.

Helge Andre Njåstad

FOKUSERT: Helge Andre Njåstad veit forslaget til komitéen hans må halde tempoet oppe for å flyte under og etter debatten i Stortingssalen.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Diskusjonen går framleis føre seg på Stortinget. NRK oppdaterer om saka på radio, TV og nett.