Hopp til innhold

Ingen skothol i "Western"

Havarikommisjonen meiner det ikkje finns prov på at det har blitt skote mot fiskebåten, etter å ha granska vrakrestane.

Ekspertar granskar vraket av "Western"

Ekspertar granskar vraket av 'Western'.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

Dei tre ekspertane frå granskingskommisjonen og fylkeskommunen har no undersøkt delar av vrakrestane etter forliste sør på Helgeland i 1981.

Granskingskommisjonen konkluderar med at hola i skroget til fiskebåten ikkje er hol etter prosjektil. Dermed avviser dei at båten kan ha blitt utsett for eit angrep.

Sju personar omkom då "Western" gjekk ned 6. februar 1981 i Trænfjorden mellom Lovund og Myken.

Årsaka framleis uklar

Etter å ha lagt på 100 meters djup i 27 år, vart delar av vrakrestane etter fiskebåten heva 12. april. Enno er det uklart kva som skjedde rett før båten gjekk ned.

Det lille holet på babord side stammar frå eit drensrøyr som har

Holet i skroget til Western

Holet i skroget til 'Western'.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

gått igjennom skroget frå innsida og ut, og det store holet på styrbord side er frå ein gjenstand som er pressa inn i båten med låg fart, opplyser granskingskommisjonen.

I ettermiddag skal ekspertane undersøke motoren frå "Western", for å sjekke om det kan gi svar på kvifor fiskebåten forliste.