Hopp til innhold

Ingen rentekutt frå bankane

Bankane i Nordland vil ikkje røre rentene, sjølv om Norges Bank sett ned styringsrenta i dag.

Svein Gjedrem

Sentralbanksjef Svein Gjedrem held rentemøte i dag klokka 14.00. Sjølv om sentralbanken sett ned renta, vil ikkje bankane i Noreg gjere det same.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Dei fleiste ventar at Norges Bank vil setje ned styringsrenta når sentralbanksjef Svein Gjedrem held rentemøte i dag. Styringsrenta er i dag på 5,75 prosent, og også bankane i Nordland har tru på rentenedgang.

- Vi kjenner oss ganske sikre på at renta kjem til å bli sett ned. Eg tippar på eit halvt prosentpoeng, seier regiondirektør i Sparebank1 Nord-Norge Kjell Ivar Helgesen til NRK.

Også administrerande banksjef i Helgeland Sparebank, Arnt Krane er optimist.

- Det hadde vore artig om han klinte til og satte ned renta med 0,75 prosentpoeng, men eg tippar renta går ned med eit halvt prosentpoeng, seier Krane.

Bankane vil vente

Men sjølv om Norges Bank sett ned styringsrenta, er det ingen automatikk i at bankane følgjer etter. Bankane NRK har snakka med kan ikkje love kundane lågare rente med det aller første. Helgesen i Sparebank1 Nord-Norge seier den økonomiske situasjonen framleis er alvorleg for bankane.

- Vi har auka renta på lik linje med andre bankar. Bakgrunnen for det er prisen i pengemarknaden, som har tatt heilt av i høve til den verkelege verda, seier Helgelsen.

Styringsrenta er den renta bankane får for sine innskot i Norges Bank. Den norske internbankrenta, NIBOR, slår fast kor mykje bankane må betale for å låne pengar seg imellom. NIBOR-renta for tre månader ligg i dag på 6,75 prosent, ein prosent over styringsrenta frå Norges Bank.

- Dette er vanskeleg. Internbankrenta har normalt fulgt styringsrenta, men ho har vore nesten to prosent høgare enn styringsrenta. Det svir for bankane, seier administrerande banksjef i Helgeland Sparebank Arnt Krane.

Han trur det kan ta fleire månader før noko skjer med bankrenta.

- Først må redningspakken frå regjeringa til bankane byrje å fungere. Så må marknaden byrje å fungere igjen, slik at pengemarknadsrenta mellom bankane går ned. Det kan ta fire - fem månader, seier Krane.

Folket krev rentenedgang

To av tre spurde seier i ei meiningsmåling at bankane med ein gong må følgje opp Norges Bank sitt rentekutt i dag.

Ifølgje ei undersøking som InFact har gjort for VG, ventar 67 prosent av dei spurde eit rentekutt som er like stort som det sentralbanksjef Svein Gjedrem legg opp til.

Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) sa tysdag at han ventar at bankane følgjer opp Norges Bank sitt rentekutt. Også finansminister Kristin Halvorsen (SV) vil følgje med på kva bankene gjer.

– Eg vil oppmode bankane til å la kundane få del i rentenedgangane vi veit vil komme, sa Halvorsen.

Sentralbanksjef Svein Gjedrem orienterar om rentesituasjonen klokka 14.00 i dag.