Hopp til innhold

Ingen plan om å bevare Orion-fly på museum: – Utruleg trist

Etter å ha overvaka nordområda i 54 år, planlegg regjeringa å selje Orion-flya.

Et Orion fly fra 333 skvadronen under vinterøvelsen Cold Response 2014

Orion-flya deltek i desse dagar på sin siste Nato-øving.

Foto: Torbjørn Kjosvold

Orion-flya deltek i desse dagar på sin siste Nato-øving, og i dag flaug 333-skvadronen på Andøya sitt siste store Nato-oppdrag.

Flya har vore sentral i å overvake nordområda i over 50 år.

– Det er halve luftforsvaret si historie. Det seier sitt om kvaliteten på flya og dei som har haldt dei ved like på Andøya opp igjennom alle desse tiåra, seier direktør for Norsk Luftfartsmuseum Rolf Liland.

Han har eit slikt Orion-fly på ønskelista si når flya blir teke ut av teneste til sommaren og erstatta med P-8 Poseidon.

Men ønske ser ikkje ut til å bli oppfylt, for regjeringa har planar om å selje dei.

– Det er utruleg trist. Ein kan nesten samanlikne det med at styresmaktene for 1000 år sidan bestemte seg for å selje alle vikingskipa, seier han.

Rolf Liland

Direktør for Norsk Luftfartsmuseum, Rolf Liland meiner Orion-flya er norsk kulturarv.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

– Forhandlingar med ulike aktørar

Stortingsrepresentant Hårek Elvenes (H) håpar også at eitt av flya blir i Noreg.

– Eg håpar regjeringa ser på saka med velvillige auge, slik at det kan opne seg ei moglegheit for å behalde eitt av flya, seier Elvenes.

I slutten av februar leverte han eit skriftleg spørsmål til forsvarsministeren, og spurte om det var nokre planar for at luftfartsmuseet i Bodø kunne overta eitt av Orion-flya.

– Bevaring av militært materiell til museumsformål er viktig i formidlinga av norsk militærhistorie, og noko eg ser positivt på.

Skreiv forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) i svaret, og la til at forsvarsmateriell er i prosess med å avhende P3 Orion systemet, og forhandlingar med ulike aktørar går føre seg.

Les også Avinor kritisk til Forsvarets nye rapport om F-35-støy på Evenes

Flypassasjerer går om bord i et Widerøe-fly på Harstad/Narvik lufthavn, Evenes.

Og sidan det enno ikkje er signert salskontrakt, er det for tidleg å seie noko om kor mange fly som eventuelt kan bli tilgjengeleg for museumsverksemd, står det i svaret til Gram.

– Vi må sjå på korleis vi kan imøtegå omsyna til musea utan at vi brukar veldig mykje pengar på fly, som vi elles kunne ha fått selt. Eg er sikker på at vi skal kome fram til ei god løysing i løpet av kort tid, seier forsvarsministeren til NRK.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram i flysimulator på Ørlandet

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram seier bevaring av militært materiell til museum er viktig. Her sit han i ein flysimulator på Ørlandet.

Foto: Ole Andreas Vekve

Norsk kulturarv

– Dette er ikkje berre noko vi ønskjer oss, men det vil vere ein kulturarv i Noreg for fleire generasjonar framover, seier Liland i Bodø.

Han legg til at flya fortel ein historie om den kalde krigen, om norsk suverenitetshevding i nordområda, og om nokon av verdas beste menneske på ubåtjakt.

– Kan ikkje de fortelje denne historia utan å ha dette enorme flyet her?

– Vi har nokre modellfly, torpedoar og sonarbøyar, men det fortel på ingen måte historia. Vi kunne hatt ei digital utstilling eller skreve ei bok, men det er ikkje det same som ein gjenstand.

To modellar av Orion-fly på norsk luftfartmuseet

På Norsk Luftfartsmuseum er dette det nærmaste dei kjem Orion-fly.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Ifølge han er det også viktig å ha eit autentisk fly som dei kan forske på.

– Vi kan ikkje forske utan å ha eit fly. Og det med forsking for framtidig formidling er også ein viktig del av det.

Det er vanskelege økonomiske tider og å selje desse flya vil bringe inn litt ekstra midlar til forsvaret. Det forstår også Liland.

– Men vi har hatt vanskelege tider før. Vi hadde det etter den første og andre verdskrigen, men likevel tok vi vare på mange av dei tinga den gangen, seier han og legg til:

– Vi skal ta vare på kulturarven, og det er vårt oppdrag.